Dette er årets mest populære halloweenkostyme

I alle fall ifølgje søkehistorikken til Google. La deg inspirere av årets mest populære kostyme, eller sjekk kva du bør styre unna om du vil gå for noko unikt!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Google har publisert ei liste over dei kostyma som blir søkt mest på i år.

Lista, som dei kallar Frightgeist, er basert på søkjehistorikken i USA, så oversikta manglar populære norske referansar som «Simen Velle», «Kvilepuls/Gaute Grøtta Grav» og «Erling Braut Haaland».

Her er årets mest trendy kostyme ifølgje Google-søka:

1: Shrunken Head Bob frå Beetlejuice Beetlejuice

Tim Burton-filmen Beetlejuice Beetlejuice kom ut i år, og karakteren Shrunken Head Bob frå filmen er det amerikanarane verkar å ha mest lyst til å kle seg ut som i år. Filmen er den andre Beetlejuice-skrekkomedien laga av Tim Burton. Den førre kom i 1988.

Bob er ein zombie med krympa hovud, og Google skriv at han er det krympa hovudet som er søkt mest på gjennom tidene. Mogleg det ikkje er så stor konkurranse om å stikke av med den tittelen.

Beetlejuice 2 Film GIF by Warner Bros. Pictures

🎃 Kostymetips: Ha på deg ein gigantisk blazer og namnelapp.

2: Raygun

Kanskje ikkje like skummel som Bob i Beetlejuice Beetlejuice, men det kjem an på kven du spør.

Det var mange som grøssa av dansen til den australske OL-deltakaren Raygun (Rachael Gunn), som var med i breaking i Paris i sommar. Ho fekk null poeng i konkurransen, og skapte både memes, og dessutan sinne blant folk som meinte Raygun, som jobbar som førelesar ved Macquarie University Faculty of Arts, ikkje fortente OL-plassen.

Dette er blant kostyma på lista som krev forholdsvis lite innsats. Ifølgje Google søker folk etter «Raygun-kostyme» og grøn og gul joggedress eller joggebukse.

Paris Breaking GIF by NoireSTEMinist

🎃 Kostymetips: Still på festen med mørkegrøn joggedress, caps og underhald med din verste, eventuelt beste, breakdans.

3: CatNap

 

CatNap er den meste søkte «Smiling Critters» gjennom tidene, skriv Google.

CatNap er med som eit katteliknande monster i kapittel 3 av overlevingsskrekkspelet Poppy Playtime laga av MOB Games. Og der er det ein versjon av katten som ikkje akkurat ser ut som ein søt kosebamse.

Catnap GIF by Youtooz

🎃 Kostymetips: Kva med ein lilla onepiece som utgangspunkt, dekorert med ein gul måne? Om du vil gå for ein meir lågthengande versjon, kan du ha på lilla katteøyre.

4: Delores frå Beetlejuice Beetlejuice

Enda ein karakter frå filmen Beetlejuice Beetlejuice tronar i toppen av Google-lista. Delores LaFerve er antagonisten i filmen, så ho passar godt dersom du er typen som likar å kle deg som noko skummelt til halloween.

Google skriv at søket «falske stiftar» trenda dagen då filmen kom ut.

Beetlejuice 2 Film GIF by Warner Bros. Pictures

🎃 Kostymetips: Dette kostymet passar for deg som likar å leike med sminke. Prøv deg fram og smink arr og stiftemerke i andletet à la Delores. Ein svart kjole og kanskje eit korsett, og det byrjar å likne på noko!

5: Pomni

Pomni er hovudkarakteren i ein animasjonsserie for vaksne som heiter The Amazing Digital Circus. Ei kvinne blir fanga i ei sprø virtuell verd saman med fem andre menneske, og er underlagt innfalla til ein KI og eigne personlege traume.

🎃 Kostymetips: Prøv å sminke deg som karakteren, med blush under auga og svart eyeliner. Lag eller kjøp jokerdrakt og lue i raudt, blått og gult.

6: «Misunning» frå Innsiden Ut 2

Det er fleire av karakterane frå Pixar-filmen Innsiden ut 2 som har kome med på Frightgeist-lista til Google, men berre «Misunning», eller «Envy» på engelsk, har kome med i topp 10.

«What does envy mean», var det mest søkte spørsmålet i samband med at filmen kom ut i år, opplyser Google.

Inside Out Anxiety GIF by Disney Europe

🎃 Kostymetips: Ansiktssminke, søte hårklemmer og ein prikka kjole eller t-skjorte, og du osar misunning på festen! Eventuelt blir alle andre misunnelege på ditt kule kostyme.

7: Red frå Descendants

Descendants: The Rise of Red kom ut tidlegare i år, og tittelkarakteren har blitt eit populært kostyme til halloween ifølgje Google-lista. Filmen er den fjerde i Descendants-franchisen, som handlar om tenåringsbarna til Disney-skurkar.

I filmen må Red, dottera til skurken Queen of Hearts/Hjartedame, slå seg saman med dottera til Askepott og reise tilbake i tid for å endre hendingane som gjorde at Reds mor vart vond.

Disney Channel GIF

🎃 Kostymetips: Har du raudt hår, er dette kostymet som skapt for deg. Køyr på med raud leppestift og tøffe, raude klede, og du er allereie i karakter. Elles er det eit perfekt høve til å rocke ein knallraud parykk eller teste fargespray til håret.

8: Dr. Doom

Kanskje er det avsløringa om at Marvel-legenda Robert Downey Jr. skal spele superskurken Dr. Doom i ein komande film som har gjort at akkurat dette kostymet trendar i år.

Downey Jr. spelte i ei årrekke Tony Stark/Iron Man i MCU (Marvel Cinematic Universe). Under Comic-Con i San Diego i USA tidlegare i år, kunne han avsløre at han er tilbake i ei ny rolle.

Robert Downey Jr Avengers GIF by Storyful

Det er varsla to nye Avengers-filmar der skodespelaren skal dukke opp som Victor von Doom/Doctor Doom. Filmen Avengers: Doomsday har først planlagt premiere i 2026, men det kan sjå ut som om fansen ikkje kan vente med å kle seg ut som superskurken.

🎃 Kostymetips: Grøn dress og metallmaske

9: Sabrina Carpenter

Artisten Sabrina Carpenter har hatt eit kjempeår med monsterhiten «Espresso» og albumet «Short n’ Sweet». Under turneen sin har ho bydd på ein estetikk og ei rekkje sceneantrekk ein kan la seg inspirere av til halloween.

Google skriv at mange søker på «hjarte-korsett», som er eit av sceneantrekka Sabrina har brukt i fleire variantar.

Sabrina Carpenter Snl GIF by Saturday Night Live

🎃 Kostymetips: Korte kjolar, platåsko med sokkar, korsett eller nattkjole. Om du vil likne skikkeleg på artisten, kan du bruke platinablond parykk med lugg.

10: Lady Deadpool

Søk etter «Lady Deadpool costume» skaut i vêret dagen filmen Deadpool & Wolverine kom på kino i USA, skriv Google. Ein kvinneleg versjon av antihelten Deadpool dukkar opp i den tredje filmen i franchisen. Blake Lively har stadfesta at det er ho som har ei lita rolle i filmen, der ektemannen hennar Ryan Reynolds spelar hovudrolla.

Årets halloween-festar kan altså bli infiltrerte av både mannlege og kvinnelege Deadpoolar og kanskje ein og anna Wolverine.

Taylor Swift Deadpool GIF by Regal

🎃 Kostymetips: Om du ikkje er veldig flink til å lage heimelaga kostyme, spørst det om du må gå til innkjøp av ei Deadpool-drakt på det store internettet. Topp kostymet med ein høg, gyllen hestehale.