Kostyme, godteri, skumle filmar – kven likar vel ikkje halloween? Som du ser av bileta her, er det ein favorittradisjon blant både menneske og dyr.

Åshild Slåen
Publisert

Italia

I Roma er det ein dyrhage som har funne ut at dyra også kan vere med på halloween. Dei fyller utskorne graskar med godbitar som dyra likar.

Lemuren knaskar fint på sjølve graskaret, men også den bengalske tigeren sett pris på graskaret, så lenge det er stappa med det rette knasket.

Japan

Japanarane er glade i ei unnskyldning for å kle seg ut. Årets halloween blir derimot litt dempa.

I Shibuya-området i Tokyo plar det samle seg tusenvis i forskjellige kostyme, men i år er arrangementa avlyst. Etter den store trengselen i Seoul i Sør-Korea i fjor, der fleire døydde, er styresmaktene bekymra for liknande hendingar.

Desse bileta vart tekne i fjor. I år var det venta opp til 60 000 besøkande før styresmaktene kom med avgrensingar.

Mexico

Día de Muertos, eller dei dødes dag, i Mexico er ikkje heilt det same som halloween. Feiringa fell likevel om lag samstundes, og kan absolutt inkludere kostyme.

Fleire stader i Mexico blir det gjennomført Catrina-paradar, i førebuing til dagen. Folk kler seg ut som figuren La Catrina, eit elegant skjelett som er viktig i mexicansk kultur.

På sjølve Día de Muertos er det vanleg å ære dei døde ved lage alter heime til den døde med bilete, mat og å besøke gravstader.

USA

Ein kan ikkje prate om halloween utan å prate om USA. Irske og skotske innvandrarar tok med seg tradisjonen frå heimlanda, men som vanleg blir alt større i Amerika.

Til og med Det kvite hus pyntar til halloween, og tek imot barn som spør etter knask eller knep.

Noreg

Heime i Noreg har halloween, eller allehelgensaftan, fått godt fotfeste dei siste 15 åra. Det er heilt vanleg å sjå barn som spør etter knask eller knep.

Fleire skular har også omfamna tradisjonen, og det er nok fleire som har eit kostyme på lur til tysdag 31. oktober i år.