Vekas viktigaste: Georgisk mareritt, nordkoreanske soldatar og trikk i butikk
F.v: Demonstrantar i Georgia, Donald Trump i ein søppelbil og trikken som spora av i Oslo. | Foto: AP Photo/Shakh Aivazov, AP Photo/Julia Demaree Nikhinson, Terje Pedersen / NTB
Har du fått med deg dei viktigaste nyheitene i veka som gjekk?
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Det har vore ei ny dramatisk nyheitsveke verda over. Her er nokon av sakene som har prega nyheitsbiletet – kort samanfatta:
Storflaum i Spania
Over 150 menneske er meldt omkomne og fleire sakna etter at delar av Spania vart råka av ein storflaum tysdag, ifølgje The Washington Post.
Ifølgje NRK er det områda Malaga, Murcia og Valencia som er hardast råka av storflaumen, som er den verste på fleire tiår.
I løpet av åtte timar tysdag, fall det like mykje nedbør som det vanlegvis kjem i løpet av eitt år, skriv Reuters.
Menneske måtte søkja tilflukt på tak for å sleppa unna vassmengdene, før dei vart redda.
Flaumen har òg gått hardt ut over avlingane til sitrusbønder i området.
Flaumråka innbyggjarar går gjennom gatene i den spanske byen Valencia, etter at regnet roa seg onsdag 30. oktober. | Foto: AP Photo/Alberto Saiz
No melder vestleg etterretning om at nokre nordkoreanske soldatar er inne i Ukraina, og ventar at fleire vil koma, ifølgje CNN.
Tidlegare denne veka varsla Nato om at nordkoreanske soldatar var i den russiske regionen Kursk. Sørkoreansk etterretning meiner det kan vera snakk om 13 000, medan andre kjelder meiner det er færre.
I byte mot soldatane har president Putin sagt seg villig til å senda militær teknologi og støtte til Nord-Korea, som er under internasjonale sanksjonar.
Natos generalsekretær Mark Rutte meiner partnarskapet «undergrev global fred og tryggleik», melder BBC.
Ein tv i Sør_korea viser Nord-Koreas leiar Kim Jung Un og Russlands president Vladimir Putin saman i juni i år. Kim Jun Un har lova støtte til Russlands krigføring i Ukraina, mot meir økonomisk og militært samarbeid. | Foto: AP Photo/Ahn Young-joon
Trikk spora av i Oslo
Klokka 11.05 tysdag føremiddag fekk politiet melding om at ein trikk hadde spora av skjenene og brasa inn i lokala til Eplehuset i Storgata i Oslo.
Fire personar vart lettare skadde i ulukka. Ein av dei skadde var føraren av trikken.
Politiet har starta etterforsking og rutinemessig sikta trikkeføraren for brot på vegtrafikklova § 3, som handlar om aktsemd i trafikken.
Ifølgje Nettavisen jobbar politiet med fleire hypotesar, mellom anna teknisk svikt, menneskeleg svikt, eller om helsemessige årsaker eller ytre omstende kan ha vore årsak til ulukka. Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om rus.
Ein trikk spora av og køyrde inn i Eplehuset i Storgata i Oslo tyrsdag føremiddag. Det var rundt 20 personar om bord i trikken. Fire personar vart skadde, men ingen alvorleg.
| Foto: Terje Pedersen / NTB
Søppelvitsar i den amerikanske valkampen
Søndag varma komikar Tony Hinchcliffe opp for Donald Trump under eit valkampmøte i New York.
Komikaren vitsa mellom anna med Puerto Rico, som han omtala som ein «ein flytande haug med søppel».
Kommentaren har fått mykje negativ merksemd og Trump har uttala til Fox News at han ikkje hadde noka aning om kven komikaren var på førehand.
Den republikanske presidentkandidaten Donald Trump møtte reporterar i ein søppelbil med valkamplogo onsdag 30. oktober. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Krev ny oppteljing etter valet i Georgia
Laurdag gjekk innbyggjarane i Georgia til valurnene.
Oppteljinga viste at det russiskvenlege regjeringspartiet Georgisk draum fekk 54 prosent av stemmene, noko opposisjonen meiner ikkje stemmer.
Den sitjande presidenten Salomé Zourabichvili skriv på X at ho ikkje kan anerkjenna valresultatet.
– Det ville legitimera Russlands overtaking av Georgia. Våre forfedrar har mått halde ut for mykje til at me skal gje opp vår europeiske framtid, skriv ho.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er òg uroa over korleis internasjonale observatørar har skildra at valet vart gjennomført.
Georgia skal telja stemmene i fem tilfeldige stemmelokale i ulike valdistrikt på nytt, melder France 24.
Georgiarar tok måndag 28. oktober til gatene i hovudstaden Tibilisi med EU-flagg og georgiske flagg for å protestera mot valresultatet. Internasjonale valobservatørar har òg levert ein urovekkjande rapport. | Foto: AP Photo/Shakh Aivazov
Colombia skal laga passasjar for jaguarar
Colombia er heimen til kring 16 000 jaguarar.
Ifølgje WWF er jaguaren nær truga. Deira naturlege habitat har krympa dei seinare åra som følgje av avskoging til kvegdrift.
Jakt på jaguarar har vore ulovleg sidan 1981, men dyra vert framleis drepne av bønder fordi dei drep dyra deira.
No melder franske Le Monde at colombianske myndigheiter vil gjera det lettare for jaguarane å bevega seg mellom ulike område.
Landet vil laga jaguarvegar mellom område der dyra kan ferdast fritt, langs kanten av Amazonas-jungelen.
Ein jaguar fotografert i fangenskap. | Foto: Molnár Tamás Photography™/Pexels.com
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.