Rusreforma: Vil stramme inn på mindre narkolovbrot

Regjeringa vil gjere det klart at all bruk og omgang med narkotika skal vere forbode. Men rusavhengige skal sleppe straff.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– Regjeringa slår fast at narkotikabruk er forbode og skal vere ulovleg, sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) då han la fram reforma saman med justisministeren. Etter lang tid har Arbeidarpartiet og Senterpartiet vorte samde om ein felles narkotikapolitikk. I rusreforma som blir lagd fram fredag, blir det foreslått å innføre ei ny lovføresegn for mindre narkotikakriminalitet.

Den skal slå fast at det er ulovleg å bruke eller å ha narkotika i lomma, same kor lite det er snakk om.

– Regjeringa vil foreslå ei ny, samla straffeføresegn om bruk, erverv og innehaving av mindre mengder narkotika til eigen bruk. Regjeringa vil vidare avklare kva narkotikaregelbrot som fell inn under den nye straffeføresegna og om dagens mengdegrenser bør reduserast. Regjeringa vil i samband med dette vurdere forslaget frå utvalet om nye mengdegrenser, skriv regjeringa i reforma.

Dette er hovudtiltaka:

  • Eit nasjonalt rusmiddelførebyggjande program for barn og unge.
  • Greia ut årskontroll hos fastlege og fritak for eigendel hos fastlege for pasientar med rusmiddellidingar.
  • Vidareutvikle LAR (legemiddelassistert rehabilitering).
  • Leggje til rette for at det blir enklare for kommunane å etablere brukarrom.
  • Handlingsplan mot stigmatisering og forskjellsbehandling av menneskermed rusmiddelproblem.
  • Opprette nasjonalt system for monitorering av rusmiddelsituasjonen i Noreg.
  • Ny handlingsplan mot overdosar som inkluderer rusmiddeltesting.
  • Redusere gapet i forventa levealder mellom menneske med rusmiddelproblem og befolkninga elles.
  • Styrke det oppsøkande arbeidet i kommunane og målrette tilskot til rusmiddelførebyggjande tiltak.
  • Styrke samarbeidet med brukar- og pårørandeorganisasjonar, frivilligheita og ideell sektor.
  • Vidareutvikle behandlings- og oppfølgingstenester i kommunane og sjukehusa.
  • Personar med erfaringskompetanse skal inkluderast i tenestene.
  • Gå i gang med nærklinikkar, eit brukarnært tilbod med spesialisert behandling for personar med samansette lidingar.
  • Bygge ut basistenester innan TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling) i alle helseføretak.
  • Etablere behandlingstilbod til barn og unge, valdsutsette kvinner med ruslidingar og etablere integrert ettervern.

Kjelde: Regjeringa

Fleire verkemiddel for politiet

I dag reagerer politiet med bot eller påtaleunnlating, altså at ein slepp straff, dersom ein har små dosar narkotika til eige bruk på seg.

Men no vil partia klargjere at dette også skal vere forbode. Rusavhengige skal framleis få påtaleunnlating.

Regjeringa gjer det også klart at dei vil gi politiet større handlingsrom for å reagere mot narkotikakriminalitet, men dei har enno ikkje fastsett tydeleg korleis dei vil gjere det.

– Regjeringa vil fremje lovforslag som sikrar politiet heimlar for meir effektiv handheving av forbodet mot bruk og omgang med narkotika til eige bruk. Regjeringa registrerer at utvalet meiner at politiet etter gjeldande rett ikkje er avskoren frå å bruke kroppsleg undersøking for å avdekkje bruk av narkotika. Regjeringa vil i samband med dette vurdere om det skal innførast ei eiga føresegn om kroppslege undersøkingar for å avdekkje rusmiddelinntak, og om kroppsleg undersøking som hovudregel skal gjennomførast som spyttprøve for å sikre at det ikkje bruke, skriv regjeringa.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram det nye lovforslaget før påske. Høyringsrunden om det såkalla handhevingsutvalet, som foreslo fleire grep, mellom anna å tillate at politiet tek spyttprøver, gjekk ut torsdag denne veka.

Førebygging og behandling

Regjeringa foreslår også fleire tiltak for å styrkje arbeidet innan førebygging, behandling, skadereduksjon og ettervern.

Mellom anna vil dei innføre ein eigen tiltaksplan for å auke menneskerettane til rusavhengige og forståinga i samfunnet av rusavhengnad som ein sjukdom – og verne rusavhengige betre frå fordømming, stigmatisering og diskriminering. Dei vil også innføre fleire lågterskelklinikkar i nærmiljøet til rusavhengige som gir eit breitt Spekter av helsehjelp utan krav om tilvising eller timeavtale (såkalla «nærklinikkar»).