Politikk og samfunn

«Medlemmer og tillitsvalde i både Frp og FpU blir kalla rasistar berre for å seie «Stem Frp»»

La dei som vil stemme på Framstegspartiet få gjere det. Det er deira frie val, og det skal respekterast, skriv nestleiar Vestland FpU, Fredrik Mettälä (23).

Fredrik Mettälä (23)
Nestleiar Vestland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Framstegspartiet har dei siste månadane hatt størst medvind på meiningsmålingane og i media. Samtidig ser vi at store delar av media, med VG i front, nesten har erklært krig mot partiet. Medlemmer og tillitsvalde i både Frp og FpU blir kalla rasistar berre for å seie «Stem Frp» eller for å vera medlemmar i FpU. Kva er det som gjer at media og folk generelt teiknar dette bildet av Framstegspartiet?

Sterk høgrevind

Over heile Europa bles det ei sterk høgrevind, og ungdommen står i front. I Frankrike fekk ytre høgre-partiet Nasjonal Samling flest stemmer under valet. I Danmark fekk Liberal Alliance heile 30,15 prosent under skulevalet i år. I Ungarn har Viktor Orban, kanskje Europas mest kontroversielle leiar, lenge hatt sterk støtte.

quote-left

Det går ikkje an å samanlikne Framstegspartiet med nokon av dei ytre høgrepartia i Europa

quote-right

Men kan vi samanlikne desse trendane med situasjonen i Norge? Det går ikkje an å samanlikne Framstegspartiet med nokon av dei ytre høgrepartia i Europa. For å forstå kva Framstegspartiet faktisk står for, må ein lese partiprogrammet. På same måte er det urimeleg å kalle Frp eller FpU for rasistiske – dette blir ofte brukt utan nokon grunnleggjande forståing av kva partiet står for.

Til alle som ikkje støttar Frp

Framstegspartiet er i medvind, spesielt blant unge, fordi me leverer på det som verkeleg betyr noko. Me kjempar for å senke skattane, slik at ungdommen endeleg kan behalde meir av sine eigne pengar – pengar som kan brukast til å bygge framtida deira, ikkje fylla statskassa. Bustaddraumen skal vere oppnåeleg, ikkje ein fjern illusjon. Samstundes set me tryggleik først. Me vil ha fleire synlege politi i gatene og trygge nabolag – ungdommen fortener å føle seg sikker der dei bur og lever.

quote-left

La dei som vil stemme på Framstegspartiet få gjere det

quote-right

Til alle som ikkje støttar Frp, til dei som mislikar Frp, og til journalistar som jobbar hardt for å svartmåle partiet: La dei som vil stemme på Framstegspartiet få gjere det. Det er deira frie val, og det skal respekterast.

Eg tvilar på at AUF eller Unge Høgre hadde blitt behandla på same måten som FpU, dersom dei skreiv: ‘Stem AUF’ eller ‘Stem Unge Høgre’. Respekter valet til dei som støttar Frp.

Stem Frp.