Politikk og samfunn

«Om skulen vår blir nedlagt blir vi tvinga ut av bygda og lokalmiljøet vårt»

Fire timar i buss, ingen fritidsaktivitetar, all tida går på skulearbeid. Det er urettferdig, det! skriv elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom.

Elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribentane sine eigne meiningar. Innlegget vart halde som ein appell under demonstrasjonane i Innlandet.

Kjære fylkespolitikarar,

vi er andreklassingar ved Lom VGS, og er skikkeleg opprørte og skuffa over forslaget dykkar.

Avstandane vi har til skulen er ikkje teke omsyn til.

Om skulen i Lom blir lagt ned er den nærmaste skulen Otta, som kan ta opp i mot 4 timar. Frå mi adresse er det 100 kilometer til skulen på Otta, ein veg. Da må eg opp halv seks, og kjem heim halv seks, altså ein skuledag på tolv timar!

De føreslo at ein kanskje kunne spare inn ein halvtime. Skal ein klare det må bussen ha ein gjennomsnittsfart på over 120 km/t, utan stopp, slik at elevane måtte hoppa på i fart. Denne utsegna, i tillegg til andre, fortel kor lite kunnskap og forståing det er blant dei som bestemmer.

Kan vi ikkje pendle, må vi flytte på hybel, noko som kan vere vanskeleg for når ein er 15–16 år.

Om skulen vår blir nedlagt blir vi tvinga ut av bygda og lokalmiljøet vårt, og vi blir tvinga til å ta den økonomiske og psykiske belastninga. Og kvifor trur de att vi kjem til å velje Otta om vi likevel må flytte, da kan vi like gjerne flytte til Lillehammer. Eg kjem ikkje til å flytte til Otta om skulen blir lagt ned, eg kjem til å flytte enda lenger, for eg vil ikkje bu på Otta, og å pendle er uaktuelt.

quote-left

Hybellivet gjekk hardt utover psyken min

quote-right

I det store skulemiljøet blir vi ikkje sett.

Eg heiter Anna, og då eg flytta til Hamar som 16-åring for å bu på hybel, fekk eg verkeleg kjenne på kor krevjande det kan vere å kombinere hybellivet og ein sentralisert skule. Familien min var fem timar unna, og eg stod heilt aleine utan støtte rundt meg.

Hybellivet gjekk hardt utover psyken min, og til slutt bestemte familien seg for å flytte meg heim til Lom. Det var den beste avgjerda som vart teke i ungdomstida mi. Eg fekk tilbake tryggleiken i heimen, og på skulen blir eg både sett og høyrd. Hadde eg ikkje hatt moglegheita til å flytte heim til Lom og gå på skule der, kunne livet mitt enda katastrofalt.

Eg personleg valte skulen i Lom på grunn av ryktet til skulen.

Fordi miljøet er så bra aukar og lysta mi til å læra, i tillegg har snittet på karakterane mine auka sidan ungdomsskulen.

I Lom har eg fått god oppfylging og eg har vorte sett, difor har motivasjonen min auka mykje.

Sjølv om det for meg er like avstandar frå Lom til Otta, er det ikkje stor sjanse for at eg byrjar på skulen på Otta. Dersom eg fyrst skal byrja på ny skule, reiser eg heller til Oslo, då eg likevel vil flytte til Oslo året etter vidaregåande.

quote-left

Blir vi splitta opp? Blir russetida vår øydelagt?

quote-right

Uansett kvar eg endar opp vil motivasjonen min gå opp og ned, fordi eg ikkje får fullført saman med mine næraste venar på ein skule der eg føler meg trygg.

Heilt sidan 9. klasse var eg fast bestemt på at eg skulle gå i Lom på vidaregåande, det var det ikkje noko tvil om. Det som er bekymrande nå, er at de vil ta vekk denne fantastiske skulen frå elevane, frå oss. Og kva skjer med oss? Det er ikkje plass til alle oss på Otta. Blir vi splitta opp? Blir russetida vår øydelagt? Får vi laga russerevy og russeavis?

Fylkeskommunen har ingen plan for oss, vi blir berre kasta ut i det ukjente.

Vi er av dei som må velje mellom å bu heime eller å få drive med det vi brenn for. Vi brenn slik for å spele fotball at vi frivillig køyrer nokre timar eit par dagar i veka for å drive med fritidsaktiviteten vi elskar.

Å bli tvinga til å køyre fire timar i buss kvar dag, er noko heilt anna. Om Lom blir lagt ned blir dette realiteten for oss. Fire timar i buss, ingen fritidsaktivitetar, all tida går på skulearbeid. Det er urettferdig, det!

Bur vi heime og går på Otta får vi berre tid til skulearbeid etter skulen, men vi får alle fordelane med å bu heime.

Blir vi tvinga til å flytte på hybel får vi fortsette med lidenskapen vår, men vi mistar all støtte og hjelp frå heime. Dette går fort utover livskvaliteten vår.

Vær så snill å høyr på oss. De tek frå oss ungdomstida. Det er ikkje for seint å snu!

Tilda Teigen (17)
Mari Bruheim (17)
Tonje Marita Bårdseng (17)
Anna Bøje Kvandasvoll (17)
Iver Holø Bjørndal (17) 
Eldri Marie Galde Tråstad (16)
Mya Hånsnar (17)