Ny rekord for TV-aksjonen: – Astronomisk beløp

TV-aksjonen til Barnekreftforeininga har passert 366 millionar innsamla kroner. Det er ny rekord.

NPK-NTB-Peter Tálos, Linus Røvik Hauge og Sebastian Kaufmann Jacobsen
Publisert

Oppteljinga av dei innsamla pengane frå bøsseberarar over heile landet viste at det var kommen inn 366,9 millionar kroner til aksjonen søndag kveld. Innsamlingsbeløpet er rekord for TV-aksjonen.

– Det er eit astronomisk beløp og svært imponerande. Det viser den store givargleda som det norske folket har. Vi må vere takksame for at vi kan stole på kvarandre, for vi må gjere dette saman. Her står vi alle saman om ei god sak, sa dronning Sonja då talet vart kjent.

I innsamlinga i år går inntektene til Barnekreftforeininga og etablering av familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Der skal barn med alvorleg sjukdom og familien deira kunne bu saman medan barnet får behandling.

– Det er eit fantastisk resultat, som heile Noreg har bidrege til. No kan vi realisere draumen om å tilby familiar med alvorleg sjuke barn ein heim heimanfrå, seier dagleg leiar Trine Nicolaysen i Barnekreftforeininga til NRK.

Den tresifra millionsummen vil først oppdaterast ved neste oppteljing 10. desember.

Chipspose gjekk for 100.000

Aksjonen i år er den 50. i rekka, og ifølgje TV-aksjonen har det norske folket gitt 7 milliardar kroner sidan 1974, rundt 30 milliardar kroner viss ein reknar om til dagens kroneverdi.

I samband med TV-aksjonen vart det arrangert ein auksjon. Her kunne ein mellom anna by på ein vase laga av dronning Sonja, som er høg beskyttar for TV-aksjonen. Vasen vart seld for 222.222 kroner.

Det vart også auksjonert bort ein middag med Gro Harlem Brundtland og Frank Løkes chipspose frå Mount Everest, som gjekk for høvesvis 85.100 kroner og 100.000 kroner.

Kritisk til prioriteringa

Alle var ikkje samde i valet av årets formål for TV-aksjonen var godt. Tidlegare fagdirektør Eirik Mofoss i Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid) har sagt til Dagbladet at han meiner at også aksjonen i år bidreg til eit godt formål, men at ein denne eine dagen i året bør løfte blikket og hjelpe dei som treng det mest.

– Ikkje vere nærsynte og berre sjå på dei som lid rett framfor oss. Det er trist at TV-aksjonen ikkje hjelper oss med å løfte blikket, slik dei pleier, sa han.

– Her er det eit spørsmål om kva norsk frivilligheit skal bruke ressursane sine på. Kva ekstra pengar på toppen av velferdssystemet bør gå til, og korleis vi kan bruke denne filantropiske kapitalen best mogleg, sa Mofoss.

TV-aksjonen har fått lagt fram kritikken frå Mofoss, men valt å ikkje kommentere han.

Gav 50 millionar

Som i fjor gav regjeringa 50 millionar kroner. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fortalde om bidraget då han deltok i NRKs sending søndag.

– TV-aksjonen 2024 går til eit svært godt formål. Med familiehusa vil Barnekreftforeininga gi familiar betre høve til å ta vare på kvarandre og vere saman i den vanskelege tida når eit barn har vorte alvorleg sjukt, sa statsministeren under sendinga.

TV-aksjonen til Redd Barna i fjor enda med å samle inn 311 millionar kroner. Neste år går innsamlinga til stiftinga Atlas-alliansen, ein paraplyorganisasjon for sju organisasjonar av og for funksjonshemma.