Færre internasjonale studentar betalar studentavgift

Det er færre internasjonale studentar som betalte studieavgift i haust samanlikna med hausten 2023.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det viser tal som Khrono har henta inn frå universitet og høgskular.

Tala frå 17 av 21 statlege universitet og høgskular viser ein nedgang frå 266 betalande studentar i fjor til 144 betalande i år, ein nedgang på 46 prosent, altså nær ei halvering.

I fjor haust var første gong universitet og høgskular vart pålagde å krevje studieavgift frå internasjonale studentar frå utanfor EU/EØS og Sveits. Kunnskapsdepartementet la til grunn at utdanningsinstitusjonane likevel ville klare å behalde 30 prosent av studentane, og har kutta i den økonomiske ramma deira med 310 millionar kroner, dei private høgskulane inkludert. For dei statlege utgjer totalkuttet 286 millionar kroner.

Dei ferske tala Khrono har henta inn, viser at samanlikna med talet på studentar i denne gruppa hausten 2022 er det berre 10 prosent som har betalt studieavgift hausten 2024.

Om det faktisk er færre studentar frå utanfor EU/EØS, vil først bli klarlagt 1. november, då tala frå årets oppmøte er klare. Årsaka til at det er færre betalande kan også vere at fleire har fått fritak frå å betale studieavgift eller at dei har fått stipend.