WHO godkjenner «mpox»-vaksine for unge – endrar ikkje norske råd

Verdas helseorganisasjon har godkjent ein vaksine mot m-koppar for unge mellom 12 og 17 år.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 15.10.2024 12:10

Saka er oppdatert med kommentar frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Måndag gjekk Verdas helseorganisasjon (WHO) ut og godkjente det danske selskapet Bavarian Nordics sin vaksine mot m-koppar til unge i alderen 12–17 år, melder nyheitsbyrået Reuters.

Vaksinen Jynneos er allereie godkjent for bruk blant vaksne, og er godkjent for 12–17-åringar av EU.

Global helsekrise

M-koppar har råka Kongo og andre afrikanske land hardt i fleire omgangar. I august erklærte WHO utbrotet for ei global helsekrise.

Sjukdommen vart tidlegare kalla «apekoppar», og smittar gjennom tett hudkontakt. FHI bruker den internasjonale termen mpox, medan Språkrådet tilrår m-koppar.

Det er berre meldt om enkelttilfelle av viruset i Europa, men helsemyndigheiter verda over er på vakt.

Fagdirektør for avdeling for smittevern og vaksine, Svein Rune Andersen, avkreftar at FHI er uroa for spreiing av viruset i Noreg:

– Nei, me er ikkje veldig uroa, men følgjer smitteutviklinga nøye, svarar han i ein e-post til Framtida.no.

I Noreg vert menn som har sex med menn og har mange partnarar, sexarbeidarar og helsepersonell som kan kome i kontakt med smitte, rådd til å ta vaksinen.

Viruset gjev oftast influensaliknande symptom, men kan i nokre tilfelle føre til meir alvorleg sjukdom. Barn, unge og personar med svakare immunsystem er meir utsette for eit alvorleg sjukdomsløp, som i nokre tilfelle kan vera dødeleg.

Godkjent for vaksne

Vaksinen er allereie godkjent av WHO for vaksinering av vaksne. Vaksinen består av to dosar som skal setjast med fire vekers mellomrom, og vert rekna som 82 prosent effektiv.

Folkehelseinstituttet har bede nokre grupper vaksinera seg mot viruset, medan rådet har vore at barn berre bør vaksinerast om dei har vore utsette for smitte. FHI kjem ikkje til å endra rådet som følgje av den nye godkjenninga.

Vaksine mot m-koppar er ein modernisert koppevaksine. I august uttala vaksineforskar ved Universitetet i Oslo, Gunnveig Grødeland, til VG at Noreg burde vurdera å innføra koppevaksinen att for alle barn.

Fagdirektør for avdeling for smittevern og vaksine avkreftar ovanfor Framtida.no at det er aktuelt.

– For innføring i barnevaksinasjonsprogrammet må sjukdommen vera ein reell helsetrussel. Det er lite som tyder på at m-koppar vil utgjera ein slik trussel blant barn i Noreg. Tilgangen på vaksine er dessutan avgrensa globalt. Den tilgjengelege vaksinen bør primært brukast i dei affiserte afrikanske landa som har betydeleg dårlegare helsetilbod enn me har i Noreg, skriv Andersen.