Paradise Hotel meir populært enn lærarstudiar
I Sverige.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir populært enn lærarstudiar
I Sverige er det fleire som har søkt seg inn som deltakar i den kontroversielle reality-tv-serien «Paradise Hotel» enn det er søkarar til den svenske lærarutdanninga, skriv svenske Lajkat.se.
Den svenske versjonen av «Paradise» fekk inn over 11.000 søknader, samtidig som lærarutdanninga, for utdanning til vidaregåande skule eller grunnskule, berre har 10.198 studieplassar, ifølgje tal frå kontoret til Universitetetskanslaren i Sverige.
LES OGSÅ: Målungdommen rosar Paradise Hotel
Om resultatet høyrest deprimerande ut, så kan det vera greitt å ta med seg at talet på søkjarar til lærarutdanninga aukar år for år i Sverige. Men ikkje like mykje som søknaden til Paradise Hotel.
I Noreg fekk 9021 studentar tilbod om studieplass i lærarutdanning, ifølgje Samordna Opptak.
Innan 2030 er det behov for 60.000 fleire lærarar i Noreg.