Slaktar regjeringa for manglande havvern: – Sender stygge signal internasjonalt
Innan 2030 skal 30 prosent av verdas hav- og landområde vernast. I sin handlingsplan for naturmangfald har ikkje regjeringa sett eit mål for vern av norske havområde.
Fredag la regjeringa fram sin handlingsplan for naturmangfald.
Stortingsmeldinga skal visa korleis regjeringa planlegg å følgja opp FNs naturavtale, der verdas land har blitt einige om å verna 30 prosent av naturen innan 2030. Avtalen inneber vern og gjenoppretting av både land- og havområde.
Regjeringa vil:
- Bevara 30 prosent av arealet på land
- Gje kommunane betre verktøy til å treffa vedtak som varetek naturmangfaldet
Det regjeringa derimot ikkje slår fast i meldinga, er kor mykje havområde skal vernast.
Spire: – Har ikkje tid til å vente
«I havet står det att arbeid før me kan føreslå eit mål, og regjeringa vil kome tilbake til dette seinare,» står det i meldinga.
Dette imponerer ikkje miljø- og bistandsorganisasjonen Spire.
– Vi har ikkje tid til å venta enno lengre for å verna havet. Me veit at regjeringa freistar å pressa gjennom ei opning for gruvedrift på havbotnen. Noreg har allereie behandla havet som ei søppeldynge altfor lenge og tatt livet under vatn for gitt, seier leiar Elise Åsnes i ei pressemelding.
Dei etterlyser strakstiltak og talfesta mål for kor mykje av norsk natur som skal vernast.
– Det er flaut. Som sjølverklært forkjempar for ambisjonar i naturavtalen må Norge klara å forplikta seg til å verna naturen vår nasjonalt. Det at naturavtalen er global, er inga unnskyldning for å droppa ambisiøse tiltak her i Noreg. Om alle andre land skal følgja den logikken, kjem me ingen veg.
Natur og Ungdom: – Hårreisande
Òg Natur og Ungdom reagerer kraftig på at regjeringa ikkje har sett eit mål for vern av havområda.
– Det er hårreisande at regjeringa fråskriv seg ansvar for havforvaltninga. Noreg er ei unik havnasjon, og det sender stygge signal internasjonalt når vi vel å ikkje prioritera den. Vi er heilt avhengige av økosystema i havet, og derfor er eg utruleg skuffa over at ikkje regjeringa forpliktar seg til eit vernemål, seier Gytis Blaževičius i ei pressemelding.
Han meiner regjeringa må ta innover seg at naturkrisa er ei krise.
– Me hadde håpa at naturmeldingen skulle vera det vi trengde for å nå 30 prosent vern av all natur på land og til havs innan 2030, men sånn forslaget er akkurat no er den altfor dårleg. No må Stortinget komme på bana og sørga for at naturmeldinga kjem til å innehalda reelle naturtiltak, utfordrar NU-leiaren