«Skeive elevar har det jamt over mindre bra enn heterofile elevar»
Både skuleleiing og utdanningsetaten må ta ansvar for å sikra alle elevars skulemiljø, skriv Jane-Victorius G. Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Det er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Resultata av Ungdata-undersøkinga, ei nasjonal undersøking som blir gjord kvart år på ungdomsskular og vidaregåande, vart lansert i august. Ungdata skal kartleggja korleis det er å vera ung i dag.
I år er det fint å lesa i Ungdata-undersøkinga at dei fleste ungdommar som går på ungdomsskule og vidaregåande har det fint. Det er kjempepositivt at 9 av 10 rapporterer at dei lever gode liv, og at 8 av 10 har alt dei ønskjer seg. Det er også positivt å lesa at einsemda er på veg ned, og at fleire har nokon å vera med på fritida. Det er likevel nokre punkt som bekymrar oss.
Urovekkande
Skeive elevar har det jamt over mindre bra enn heterofile elevar.
Bifile, aseksuelle, og andre skeive har markant dårlegare levekår
SSB si livskvalitetsundersøking for 2022/2023 peikar på at skeive har det dårlegare enn heterofile, og særleg at bifile, aseksuelle, og andre skeive har markant dårlegare levekår. Det overraskar derfor ikkje at skeive ungdommar har det dårlegare enn heterofile ungdommar.
I Ungdata-undersøkinga i år får me vita at færre enn før trivst på skulen, og at dette talet er lågare for skeive enn for heterofile. Dette er urovekkande, men ikkje overraskande.
Som ein organisasjon som har kjempa for skeive ungdommars rettar i 20 år ser me at det går rett veg på mange arenaer. Seksualundervisning blir betre, og meir utbreidd; fleire unge skeive finn aksept blant familiane sine, og sine jamaldrande; det blir lettare å finna kunnskap; og det blir lettare å finna fellesskap. Likevel er me bekymra for auka radikalisering og hatefull retorikk i sosiale medium og offentlege rom, tilgang til psykisk helsevern, kunnskap om skeive identitetar blant dei av oss som jobbar med ungdom, og manglande forsking på levekåra til skeive.
Meir forsking på transpersonar
Me er særleg bekymra for den delen av målgruppa vår som ikkje er teke med i Ungdata-undersøkinga. Unge transpersonar er ei av gruppene me treng meir tal og forsking på.
1 av 3 av dei som har kryssa av for annan kjønnsidentitet enn gut eller jente rapporterer at dei opplever mobbing
Analysen gjort i Elevundersøkelsen, som kom no i september, viser at det er på sin plass med bekymring. 1 av 3 av dei som har kryssa av for annan kjønnsidentitet enn gut eller jente rapporterer at dei opplever mobbing i grunnskulen.
Både skuleleiing og utdanningsetaten må ta ansvar for å sikra alle elevars skulemiljø. Me er svært bekymra over at både mobbing og vald frå medelevar generelt har gått opp. Alle barn og unge skal ha eit utdanningsløp som er treffande, og fostrar til læring. Alle barn har og rett til å leva gode liv, utan mobbing og vald som ein del av kvardagen sin. Dette er rettar styresmaktene har forplikta seg til, og må handla i tråd med. Handling må skje no.