Politikk og samfunn

«Som politikarar har vi eit ansvar for å sikre trusfridomen til folk»

Eg trur ikkje løysinga er å fjerne heile statsstøtta til mangfaldet av trus- og livssynsorganisasjonar, skriv Simen Bondevik i Partiet Sentrum og Oslo bispedømeråd.

Simen Bondevik (24)
Sentralstyremedlem for Partiet Sentrum og medlem av Oslo bispedømeråd for Åpen folkekirke
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fleire medlemmar i Høgres programkomité, mellom anna Nikolai Astrup og Ola Svenneby, går inn for å fjerne statsstøtta til trus- og livssynssamfunn. Samstundes vil dei sikre finansiering av Den norske kyrkja og hennar kyrkjebygg over statsbudsjettet. Dette forslaget bryt med det grunnlovsfesta prinsippet om lik handsaming av trussamfunn og vil svekkje det religiøse mangfaldet i Noreg.

Religion og tru er ein viktig del av livet til mange menneske i landet vårt. I eit livssynsope samfunn har det stor verdi at staten legg til rette for at folk kan praktisere trua si, og dette inkluderer òg økonomiske løyvingar. Ved å støtte breidda av trus- og livssynssamfunn, gir staten folk reell fridom til å velje si tru eller sitt livssyn.

quote-left

Religion og tru er ein viktig del av livet til mange menneske i landet vårt

quote-right

Som medlem i Den norske kyrkja og Oslo bispedømeråd er eg sjølvsagt glad for at Nikolai Astrup og Ola Svenneby anerkjenner rolla og tydinga Den norske kyrkja har for samfunnet vårt. Folkekyrkja har ei unik rolle i lokalsamfunn over heile landet, både med tanke på beredskap, frivilligheit, kultur og i kvardagen til folk. Men forslaget om å ta frå alle andre trus- og livssynssamfunn statsstøtta er ikkje rett måte å gje denne anerkjenninga på.

Dersom det berre er Den norske kyrkja som får statsstøtte, står vi i fare for å miste noko av det religiøse mangfaldet i landet vårt. Ved å gje økonomisk støtte til breidda av trus- og livssynssamfunn bidreg staten til at den einskildes val av tru og livssyn blir reelt. Trusstøtte er ei investering som gir oss mykje tilbake gjennom dei viktige fellesskapa som gir folk tilhøyrsle og meining. Religiøst mangfald er eit gode for samfunnet vårt.

quote-left

Alt snakket om eit livssynsope samfunn er verdilaust viss det ikkje blir fylt med innhald

quote-right

Nikolai Astrup argumenterer i VG med at «tru og livssyn er ei privatsak», som ein grunn til å fjerne statsstøtta. Det er ein altfor forenkla analyse. Tru og livssyn er ikkje berre viktig for einskildmenneske, men òg for samfunnet som heilskap. Som politikarar har vi eit ansvar for å sikre trusfridomen til folk, og vi må legge til rette for eit synleg religiøst mangfald i Noreg.

Ein debatt om korleis vi kan sikre berekraftig og god finansiering av trus- og livssynssamfunn som kan halde seg over tid er sjølvsagt velkommen. Men eg trur ikkje løysinga er å fjerne heile statsstøtta til mangfaldet av trus- og livssynsorganisasjonar. Alt snakket om eit livssynsope samfunn er verdilaust viss det ikkje blir fylt med innhald. Det må inkludere lik handsaming og økonomisk støtte til heile vårt religiøse mangfald.