Lene Marlin hylla for openheit

Artisten Lene Marlin haustar ros frå mange hald for å vera open om depresjon og sjølvmordsforsøk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein kronikk i Aftenpostenskriv artisten om psykisk kollaps etter det musikalske gjennombrotet for 15 år sidan.

«Det er en del av meg. Jeg lever med det hver dag og kommer til å bære det med meg for resten av livet. Så da kan eg like godt si det høyt: At eg prøvde å ta mitt eget liv.At eg ikke fikset det konstante presset».

LES OGSÅ: Studie: Ein av seks unge har sjølvmordstankar

Gir ei melding
34-åringen er oppteken av å gje ei melding til andre som slit:

«Så hvis du som leser dette ikke har det så godt akkurat nå, ikke helt ser hvordan livet noen gang kan bli bedre: vær så snill, hold ut litt til! Tro meg, det er verdt det!» skriv Marlin.

Artisten har fått mykje ros for å vera open.

– Kronikken til Lene Marlin gjer kraftig inntrykk. Viktig bidrag til å vera open og viser sann styrke, skriv KrF-leiar Knut Arild Hareide på Twitter.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

– Open og modig
Også Eskil Pedersen, som har ein månad att som AUF-sjef, er mellom dei som lèt seg imponera.

– Marlin er open og modig. Eg trur det kan hjelpa mange som har det vondt, skriv han på same nettstad.

Tysdag omtaler også Aftenposten ei NOVA-undersøking der 63.000 ungdomsskuleelevar har delteke. Undersøkinga viser at kvar fjerde jente på 10. trinn har det forskarane kallar depressive symptom.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen