Taylor Swift-konsert avlyst i Wien etter terrortrugsel:
– Kjempeskummelt og ubehageleg
Austerriksk politi har arrestert fleire personar for å planleggje terroråtak mot artistens konsert. No får nærmare 200 000 fans draumen sin knust.
– Vi har planlagt dette fordi vi har vore fans sidan barneskulen og debutalbumet, og dette har vore den konserten vi har sett mest fram til, fortel Sonja Kristine Strupstad (28) på telefon frå Wien.
I kveld skulle ho eigentleg på «The Eras Tour»-konserten til Taylor Swift i den austerrikske hovudstaden, men konserten er avlyst etter ein terrortrugsel.
Politiet i Austerrike arresterte i går to menn for terrorplanlegging i samband med konsertane til den amerikanske artisten, og den eine mistenkte har svore truskap til IS. Arrangøren har sett seg nøydd til å avlyse dei tre konsertane Swift skulle ha i landet.
– Vi er mildt sagt veldig skuffa, men er òg veldig takknemlege for at dei tar sikkerheita så pass på alvor. Men vi er veldig lei oss, fortel Strupstad.
65 000 publikumarar var venta å kome på kvar av dei tre konsertane i Wien.
– Kjipt at terror skal øydeleggje
Sonja Kristine Strupstad er administrator i Facebook-gruppa Norske Swifties. Ho har vore på to Taylor Swift-konsertar før, men ikkje på The Eras Tour. Ho hadde sett spesielt fram til konserten fordi han inneheld musikk frå alle albuma til Swift. Artisten og musikken betyr mykje for 28-åringen frå Øvre-Årdal.
– Ho har hjelpt meg veldig mykje i ein tøff periode i livet med musikken og tekstar. Eg kjenner meg att i mykje av det ho skriv om og syng om.
Strupstad er i Austerrike saman med bestevenninna Helene Simensen Bergane (27) og hennar to søstrer på 19. Det skulle bli deira første Taylor Swift-konsert.
– Det er veldig leit i og med at vi òg gjekk glipp av ein konsert i 2020 på grunn av korona. Men det som har skjedd, er kjempeskummelt og ubehageleg, seier Sonja og legg til:
– Det er berre veldig kjipt at terror skal kunne øydeleggje for så mange menneske.
Dette veit vi om det planlagde åtaket
- Tre tenåringar er mistenkte for å ha planlagt eit terroråtak i samband med Taylor Swift sin konsert i Wien. Dei tre er 15, 17 og 19 år gamle.
- Ifølgje austerrikske styresmakter var planen å drepe menneske utanfor Ernst Happel stadion, der konsertane skulle vere.
- Ifølgje politiet skal 19-åringen ha planlagt å køyre ein bil inn i folkemengda, i tillegg til å bruke knivar og machete. Sjefen for Austerrikes direktorat for statleg tryggleik og etterretning (DSN) seier han planla å drepe seg sjølv og mange menneske.
- 19-åringen skal ha svore truskap til IS for nokre veker sidan. Han har ifølgje politiet vedgått terrorplanane.
- Styresmaktene seier det per no ikkje er fleire mistenkte.
- Dei tre konsertane som skulle vere i Wien i helga er avlyste. Neste veke skal Taylor Swift ta med seg The Eras Tour til London. Førebels går konsertane der som planlagt.
Arrangerer treff
Taylor Swift-tilhengjarane har vore i Wien sidan måndag. Når konserten no er avlyst, har dei kontakta andre swifties for å finne på noko som eit bittelite plaster på såret.
– Vi arrangerer eit lite «meet up» i leilegheita vår, så det kjem eit par stykk og skal vere med oss. Vi skal sjå Eras Tour-filmen og byte venskapsarmband.
Dei har framleis eit lite håp om å få med seg den populære konserten. Frå 15. til 20. august skal Swift etter planen halde konsertar på Wembley Stadium i London. Jentene har fått kode, som ein treng for å kjøpe billettar, frå hjelpsame swifties.
– Vi prøver iherdig å få tak i billettar. Eg har lege vaken i natt og i dag tidleg og prøvd å oppdatere etter billettar, men det ser mørkt ut.
Håpet er at det skal bli sleppt nokre fleire billettar like før konsertane, noko som har vore tilfelle i fleire andre byar.
– Føler du det er trygt å dra på konsert etter dette?
– Ja, eg føler meg trygg. Då vi fekk beskjeden i går, så fekk vi panikk ei god stund, men så klarte vi etter kvart å roe oss litt med at dei kjem til å ha tryggleiken på topp og set inn ekstra sikkerheit og kontroll. Vi hadde bestemt oss for å dra i Wien før det blei avlyst.