Ein flyktning frå krigen i Sudan ber ein unge ombord på eit saudiarabisk militærskip som skal frakta dei over Raudahavet til Jidda. | Foto: AP Photo/Amr Nabil via NTB
Kva skjer i Sudan?
Høge drapstal, øydelagt infrastruktur og svolt er noko av det som gjer Sudan til ei av dei verste krisene i verda.
Magnus Rotevatn
Publisert
Krigen i Sudan er inne i sitt andre år. To militærstyrkar – SAF og RSF – kjempar mot kvarandre.
Kva er det som skjer Sudan? Her er ei oversikt over det viktigaste du bør veta.
Kven krigar?
15. april i fjor braut det ut kampar mellom RSF (Rapid Support Forces) og SAF (Sudanese Armed Forces) i hovudstaden Khartoum.
Både RSF og SAF er arméar som eigentleg tilhøyrer den sudanske staten.
SAF utgjer kjernen av den militære delen av den sudanske staten. Dei er leia av Abdel Fattah al-Burhan, presidenten i Sudan.
RSF er ei paramilitær gruppe leia av Mohamed Hamdan Dagalo – som regel berre kalla Hemedti. RSF har tidlegare, på vegner av den sudanske staten, kjempa og styrt i området Darfur vest i Sudan.
Frå hovudstaden Khartoum etter krigen braut ut i april 2023. | Foto: AP Photo/Marwan Ali via NTB
Kven andre er involvert?
Konflikten i Sudan har forgreiningar til andre delar av verda.
Det er nok Dei sameinte arabiske emirata som står for den viktigaste innblandinga. Etter alt sannsyn, støttar Emirata RSF – sjølv om dei nektar for å ha noko med krigen å gjera. Hjelpa inneber våpen, og i byte får Emirata sannsynlegvis tilgang til råvarer i Sudan, hovudsakeleg gull.
Det er også viktig å hugsa at Emirata treng hjelp frå nokre av nabolanda til Sudan for å smugla inn våpen til RSF. Ifylgje Middle East Eye går forsyningslinjene mellom anna via Libya, Tsjad og Uganda.
SAF får også støtte frå fleire internasjonale aktørar, sjølv om me veit mindre om støtta dei får. Egypt, Iran og Eritrea er nokre av landa som blir mistenkt for å hjelpe SAF.
RSF-soldatar | Foto: AP Photo/Hussein Malla via NTB
Det norske engasjementet i Sudan strekkjer seg tilbake til byrjinga på 2000-talet. Då var norske styresmakter sentrale i å arbeida fram ein fredsavtale, som mellom anna la grunnlaget for at Sør-Sudan blei eit sjølvstendig land.
Noreg utgjer saman med USA og Storbritannia den såkalla «troikaen», som har vore viktig for å koordinera vestleg bistand og Sudan-politikk.
Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre i samtale med politikaren Deng Alor Kuol i Khartoum 1. juni 2010. | Foto: Kjetil Elsebutangen, Utenriksdepartementet (CC BY-ND 2.0)
Humanitære konsekvensar
Dei humanitære konsekvensane av krigen er store.
Estimata anslår at omtrent 15 000 har blitt drepne, men tala er usikre.
Fleire millionar menneske har blitt fordrivne. Omtrent 2 millionar av dei har flykta ut av landet. I tillegg er Sudan det landet med flest internt fordrivne i verda – omtrent 11 millionar.
Svolt er også utbreidd. Meir enn halvparten av befolkninga opplever akutt matmangel.
Krigen råkar sudanske barn hardt. Redd Barna har fått estimert at om lag annakvart barn har vore eksponert for frontlinja.
Lækjarar Utan Grenser tek hand om born som har blitt utsatt for svolt og feilernæring. Her frå ein leir i Tsjad for sudanske flyktningar. | Foto: Patricia Simon/AP Photo/ via NTB
Går det føre seg eit folkemord?
Mange av dei som fylgjer med på krigen har retta auga sine mot Darfur. Denne regionen ligg vest i Sudan og har vore uroleg lenge.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.