Her er nokre av nyheitene som har prega den siste veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Storstreik avblåst
Noreg har denne veka vore prega av storstreik etter brot i meklinga mellom LO og NHO. Partane i konflikten var arbeidstakarorganisasjonane Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) på eine sida, og arbeidsgjevarorganisasjonen Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) på den andre sida.
Arbeidstakarorganisasjonane ønskte auka reallønsvekst for medlemmane sine. Det vil seie at løna skal stige meir enn prisane i samfunnet. NHO har uttalt at medlemmane i LO ville fått auka kjøpekraft i skissa som blei lagt fram for partane av riksmeklaren, men det var ikkje LO samde i.
Blant dei som vart råka av streiken, var bryggeri, godteriprodusentar, hotell og ferjesamband. Det har mellom anna ført til at folk har hamstra øl og Pepsi Max på grunn av stans i produksjonen hjå Ringnes, Hansa Borg, Mack og Aas.
Måndag blei 24 500 arbeidarar tekne ut i streik, og det var venta ei opptrapping med 16 000 fleire fredag. Torsdag kom nyheita om at partane var blitt samde. Resultatet vart lønnsvekst på 5,2 prosent og at medlemmar får minst 7,5 kroner meir i timen.
Det er første gong sidan krigen det har vore streik i eit mellomoppgjer, skriv VG.
Kampar i Sudan
Den siste veka har det vore veldige kampar i Sudan mellom den sudanske hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF).
RSF blei oppretta i 2013 og har kjempa på vegner av Sudan i Darfur. Gruppa er skulda for krigsbrotsverk der. Saman utførte hæren og RSF eit militærkupp i 2019, som avsette presidenten gjennom 30 år, forklarar Dagsavisen.
I 2021 blei det gjennomført eit nytt kupp, og hæren har styrt landet sidan. RSF skulle eigentleg bli innlemma i hæren som ein del av overgangen til sivil regjering. Det føregår ein maktkamp mellom landets leiar og hærsjef, Abdel Fattah al-Burhan, og RSF-leiar Mohamed Hamdan Dagalo, kalla Hemedti.
Laurdag braut det ut i kampar i hovudstaden Khartoum, og RSF har gått til åtak på presidentpalasset og flyplassen. Over 270 skal vere drepne i kampane og minst 2600 såra, melder Verdas helseorganisasjon (WHO).
Den norske ambassaden har òg blitt råka. Noregs ambassadør til Sudan har gått i dekning og tilsette i Utanriksdepartementet (UD) kan ikkje bli henta ut. UD ser på moglegheiter for å hente ut norske borgarar frå landet, men situasjonen er uavklart.
Det har vore inngått våpenkviler i løpet av veka, men partane har blitt skulda for å halde fram likevel. Fredag morgon kunngjorde RSF ein ny våpenkvile som skal vare i 72-timar. Våpenkvilen er samstundes som Eid-markeringa.
Fleire fryktar no at det kan utvikle seg til borgarkrig.
Florida utvidar forbod mot å undervise om LHBT+
Lova som forbyr undervising om seksuell legning og kjønnsidentitet for barn i Florida, er utvida til å omfatte elevar ut vidaregåande skule. Det melder fleire internasjonale medium, som AP News og The Guardian.
Skuleleiinga i Florida har no godkjent at lova skal gjelde ikkje berre til og med tredje trinn, men ut tolvte trinn. Unntaket er om det er krav i statlege retningslinjer eller om det inngår i «undervising om reproduktiv helse». Då kan foreldre velje at ein elev ikkje skal delta, skriv NTB.
Utvidinga av den såkalla «Don’t say gay-lova», kjem etter initiativ frå den republikanske guvernøren i delstaten, Ron DeSantis.
Lova har blitt kritisert av mellom anna president Joe Biden, som har omtala ho som «hatefull».
India verdas mest folkerike land
Kina har lenge vore det mest folkerike landet i verda, men til sommaren er det venta at India vil gå forbi dei. FN sitt befolkningsfond UNFPA reknar at folketalet i India vil vere 1.4286 milliardar innan midten av året, skriv NRK. Det er nesten 3 millionar fleire enn det ein estimerer at Kina vil ha. Dei reknar at India vil passere Kina som landet med størst befolkning innan juni 2023.
Folketalet i Kina gjekk i fjor ned for første gong på over 60 år, og det er venta at trenden vil halde fram. Eittbarnspolitikken som har vore ført i landet blir trekt fram som ei av årsakene, i tillegg til at høge utdanningskostnader bidreg til at mange framleis vel eitt eller ingen barn. Kina gjekk bort frå eittbarnspolitikken i 2016.
Medan Kina er inne i ei eldrebølgje, er over halve den indiske befolkninga under 30 år, melder Dagsavisen.
Fox News inngår forlik etter påstandar om juks
Den amerikanske TV-kanalen blei saksøkt av Dominion Voting Systems, som sel stemmemaskiner til val i USA. Fox News kom med påstandar om at stemmemaskinene var manipulerte og blei brukte til valjuks under førre presidentval, då Joe Biden vann over Donald Trump.
No har kanalen inngått eit forlik med Dominion, og dei har gått med på å betale 757,5 millionar dollar i erstatning og oppreising. Det svarar til om lag 8,2 milliardar kroner.
Fox erkjenner i ei uttale at nokre av påstandane mot Dominion er falske, skriv NRK.
✨Lyspunkt✨: Cannes-pris til norsk serie
Den norske serien «Makta» stakk av med den gjeve prisen for beste serie under den internasjonale prisutdelinga for seriar, Canneseries. Dramaserien blei òg heidra med prisen for beste musikk. Festivalen annonserte vinnarane i eit Instagram-innlegg.
– Vi er kjempeglade, og utruleg overraska også. Det er gøy at serien har appell internasjonalt også, seier produsent Camilla Brusdal til VG.
«Makta» handlar om Noregs første kvinnelege statsminister Gro Harlem Brundtland, og om vegen hennar til makta. Dramaserien tar for seg striden mellom Gro Harlem Brundtland og Reiulf Steen.
Serien blir sendt på NRK til hausten.
Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!