Medlemsvekst for Kristeleg Folkepartis Ungdom
Ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti har fått 257 nye medlemmer i år. Veksten viser at tradisjonelle kristne verdiar har fått større appell blant unge, meiner leiaren.
I byrjinga av juli hadde ungdomspartiet KrFU, som er ope for personar mellom 13 og 33 år, 1512 medlemmer. 257 av desse er nye i år, skriv Vårt Land.
– Medlemsveksten er ein del av bølgja med anti-woke som er i samfunnet. KrFU representerer eit trygt fundament som mange unge kan kjenne seg igjen i, hevdar KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland overfor avisa.
Ungdomspartiet har hatt ein medlemsvekst sidan 2021, då det hadde 1120 medlemmer ved slutten av året. Medlemmene i ungdomspartiet blir automatisk medlemmer i KrF.