PST-aksjon mot barn: Skal ha hylla terroristar på nett

Politiet aksjonerte mot 15 til 20 personar.

NPK-NTB
Publisert

PST aksjonerte torsdag mot eit nettverk beståande av unge høgreekstreme, som mellom anna skal ha oppmoda til terror og drap på homofile.

Nettverket består av ungdom ned i 12-års alder og unge vaksne i midten av 20-åra, melder NRK.

Torsdag aksjonerte dei mot mellom 15 til 20 personar, hovudsakleg ungdommar mellom 12 og 17 år.

– Dei deler også videoar av utført terror. Dei hyllar Anders Behring Breivik og Brenton Tarrant, som drap over 50 personar i ein moské i Christchurch. Det er tidvis ganske grovt, seier Bjørn-Willy Wold, leiar for seksjon for kontraterror i PST.

Foruma der det høgreekstreme innhaldet blir delt har ingen nasjonale grenser. Det er ideologien som er felles, seier Wold.