Saga ned flaggstenger før Pride-markering
Tre år på rad har Midgardsenteret i Horten opplevd hærverk i samband med regnbogeflagging og Pride-markering.
I 2022 opplevde Midgard Vikingsenter i Horten at nokon kutta flaggstanglinene og stal flagga, etter å ha hengt opp regnbogeflagg for å markere Pride og vise støtte til dei råka etter skytinga i Oslo 25. juni.
I 2023 blei linene kutta igjen.
Juni er Pride-månaden, men i år rakk ikkje senteret henge opp flagga før hærverket skjedde: Natt til 31. mai har nokon kappa ned flaggstengene utanfor inngangsdøra.
Det var lokalavisa Gjengangeren som først melde om saka.
Ingen mottatte meiningar om Pride-markeringa
Direktør for Vestfoldmuseene, Lene Walle, seier til Gjengangeren at ingen har tatt kontakt med dei for å seie si meining om flagginga.
– Nei, me har ikkje høyrt noko frå nokon. Dette framstår dimed som rein vandalisme, seier ho til Gjengangeren, og legg til at ho tenker det er naturleg at dei vil fortsette å flagge, trass i hærverka.
Leirgruppa til Midgardsenteret seier til Framtida.no at dei skal diskutere kva dei skal gjere vidare i morgon, tysdag 4. juni.
Saka er meld til politiet.