Reagerer på pensjonist-kritikk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avviser senior-kritikk
– Badebassenga på skulane står tomme, medan besteforelda reiser til Syden.
I ein kronikk i Aftenposten i går skreiv tidlegare forlagssjef og direktør i NRK Fjernsynet, Andeas Skartveit, at «vi pensjonister har vært grådige til det usømmelige». Skartveit ønskjer ein debatt om i kva grad omsynet til pensjonistane kjem i konflikt med andre omsyn.
Pensjonisten fryktar at dei kommunale pensjonsordningane trugar andre velferdstilbod, særleg tilbod til barn, undervising og kommunal infrastruktur.
LES OGSÅ: Opnar for dårlegare løn for vikarar
I dagens Aftenposten møter han motstand, mellom anna frå Frp-veteran Carl I. Hagen, som har tala saka til seniorane i mange år.
– Eg forstår ikkje at han kan sjå bort frå dei moralske forpliktingane som ligg i at tilsette har betalt inn til pensjonane sine gjennom eit langt liv, seier Hagen til Aftenposten.
Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, meiner Skartveit «skuldar» hennar medlemmar for at at pensjonsforpliktingane til kommunane blir så store at politikarane må kutte i velferdsbudsjetta.
Ifølgje Aftenposten lovar ho bråk dersom politikarane tek Skartveit på ordet, og minskar pensjonsutbetalingane.
LES OGSÅ: Full pott på speed-date