Mindre sannsyn for å bli skilt

…dersom kvinna har høgast utdanning i forholdet.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie utfordrar myta om at kvinner som har høgare utdanning enn sine menn, har større sjanse for å bli skilt.

Det er Livescience som skriv om studien, der eit lag med forskarar har gått gjennom statistikk over heteroseksuelle ekteskap i USA frå 1950 til 2009. Dei fann tvert om at kvinners utdanning var knytt til eit lågare sannsyn for skilsmisse, i alle fall frå 2000 til 2004.

LES OGSÅ: Singel og babyklar?

I den perioden var det 30 prosent mindre sannsynleg at eit par med likt utdanningsnivå skilte seg, enn par der mannen hadde høgast utdanning.

Dette er eit brot med trenden på 50-talet, då par med lik utdanning og par der mannen hadde høgast utdanning hadde same sjanse til å bli verande gift.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg