Fleire tek automatgir-lappen – byr på utfordringar i Forsvaret
Problemet kan bli løyst med nye lastevogner.
Stadig fleire tek førarkort med automatgir. Dette kan skape trøbbel i enkelte avdelingar i Forsvaret, der det blir brukt køyretøy med manuelt gir.
– Per i dag får vi tilstrekkeleg med vernepliktige med erfaring frå klasse B manuell, men det kan potensielt bli ei aukande utfordring i åra framover. Desse utfordringane kan reduserast dersom innføring av nye lastevogner går som planlagt, skriv oberstløytnant og bataljonssjef Espen Sivertsen i Stridstrenbataljonen i ein e-post til Forsvarets forum.
I fjor vart det gjennomført over 150.000 oppkøyringar i Noreg, ifølgje Statens vegvesen.
Andelen som vart gjennomført på automatgir, var på 57 prosent og er stadig stigande.
Tek ein oppkøyring med manuelt gir, kan ein køyre bilar med automatgir, men ikkje motsett. I Forsvaret blir det brukt mange type køyretøy, både tunge og lette, som krev førarkort med manuelt gir.
Sivertsen opplyser at dei er klar over at stadig fleire tek automatgir-lappen og forklarer at dei er i ferd med å byte ut dei manuelle køyretøya med automatgir.
– Behovet for vernepliktige med manuell klasse B vil reduserast i åra framover. Forsvaret og Hæren gjennomfører ei større utskifting av lastevognporteføljen, der dei nye lastevognene har ei automatgirkasse, opplyser Sivertsen.