– Framleis den finaste staden i verda
Berre ein månad etter massakren på Utøya drog Emilie Bersaas tilbake til øya der ho sjølv overlevde dei grufulle hendingane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Framleis den finaste staden
– Det var berre fint å vere tilbake, sjølv så kort tid etter. Det kjennast både godt og bra. Eg synest framleis Utøya er den finaste staden i verda, seier ho til NTB.
I fleire dagar har Bersaas vore i full sving med å førebu treårsmarkeringa av 22. juli.
LES OGSÅ: Utøya er framleis vår øy
Ho er representant for AUF i styret for den nasjonale støttegruppa for 22. juli.
No er ho i ferd med å gjere klart eit verditre på teltplassen på øya.
Bodskap
Under AUFs sommarleir i år på Gulsrud fekk deltakarane tilbod om å reise til Utøya, ei moglegheit nesten alle nytta seg av, fortel Bersaas. Det var på denne utflukta at nokre kom med ideen om å skrive ned verdiar og andre bodskapar på papirlappar som vart hengt på eit tre.
– Det står mykje forskjellig på lappane, blant anna «Utøya», «Vi sees neste år» og «Vi savner dere». Eg trur folk fekk behov for å uttrykkje tankane sine om øya, også dei som ikkje hadde vore her før. Det var også veldig hyggjeleg å kunne gjere noko aktivt på Utøya, seier ho.
LES OGSÅ: Etterlatne etter Utøya slit framleis
Bersaas er sjølv blant dei som overlevde terrorangrepet på Utøya. Tre år har gått, men minna er alltid med henne utan at det opptar henne så mykje lenger.
– Eg har vore veldig heldig. Minna om hendingane har ikkje vore til hinder for meg. For meg har det vore viktig å jobbe med å akseptere at dette har skjedd. Det riktige for meg var å jobbe gjennom dette i AUF.
Open øy
Måndag vart Utøya opna i to dagar for private besøk for alle som vart råka av terroren. Folk som besøkjer øya måndag og tysdag får høve til å ferdast rundt slik dei sjølv har behov for.
Både på Utøya og i regjeringskvartalet vert årsdagen markert for terroraksjonane tysdag. I tillegg vert dagen markert fleire andre stader i landet.
– Vi håpar dette skal gi ei god oppleving. Desse markeringane gir oss ei moglegheit å komme saman, sa Trond Henry Blattmann i den nasjonale støttegruppa etter 22. juli-hendingane til NTB sist veke.
LES OGSÅ: Strevar mest etter Utøya