No kan kveiten bli betre
I fleire år har kornforskarar over heile verda arbeidd for å kartleggja DNA hos kveite. No er jobben gjort.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det betyr at det i åra framover kan utviklast betre og meir robuste kveitesortar.
LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg
– Det er først når vi kjenner DNA-et til kveite at vi kan foredla nye kveitesortar på ein meir effektiv måte, forklarer professor Odd-Arne Olsen ved NMBU – Norges miljø- og biovitskaplege universitet. Han er har leidd det norske delprosjektet, som er ein del av eit stort internasjonalt prosjekt.
Forskarane karakteriserer arbeidet som revolusjonerande og meiner gjennombrotet med å kartleggja DNA-et til kveite har stor verdi for kornbøndene og for matvareproduksjonen i verda.
LES OGSÅ: Spelar seg til betre engelsk
Skal tåla ekstremvêr
– Resultata vi no har kome fram til kan føra til at vi kan utvikla sortar som er spesialtilpassa ulike klima, seier Simen Rød Sandve, ein annan av dei norske forskarane i prosjektet. Det er mellom anna eit mål å utvikla kveitesortar som tåler meir ekstremvêr, som meir tørke og meir nedbør.
Funnet fører også til at vi får kveitesortar med betre bakekvalitet og høg ernæringskvalitet.
LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda