Oljedominans i festival-Noreg
I ei oversikt Klassekampen har laga viser det seg at 20 norske festivalar er sponsa av oljebransjen, blant anna nokre som marknadsfører seg som fyrtårn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oljedominans blant festivalane
LES OGSÅ:Den flygande strikkegensaren
Av dei 20 festivalane som er sponsa av oljebransjen, har 14 av dei har oljen som hovudsponsor. Blant desse er Moldejazz, som og marknadsfører seg som miljøfyrtårn.
– At eit oljeselskap sponsar festivalen, betyr ikkje at publikum eller administrasjonen er heilt tankelause ovenfor oljebransjen, seier festivalsjef Anders Eriksson til Klassekampen.
LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda
Mot straumen
– Oljeselskap er uaktuelle sponsorar for oss. Me ønskjer at samarbeidspartnarane våre skal dela våre grunnideal, og ein av dei tyngste verdiane våre er ønsket om å så miljøvennlege arrangement som mogleg, seier Jonas Prangerød, pressesjef for Øyafestivalen, til Klassekampen.
LES OGSÅ: No tek rekordmange kollektivtrafikk