«Å fjerna karakterkrava til sjukepleiarutdanninga er inga løysing»
Karakterkrava er det einaste me har i dag som sikrar ein minimumskompetanse for søkjarar som ønskjer å bli sjukepleiar, skriv studentleiar i Norsk sykepleierforbund, Daniel Tørresvoll Stabu.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I dag la regjeringa fram profesjonsmeldinga og opptaksmeldinga, der dei tek til orde for å fjerna trearkravet i matte og norsk som opptakskrav til sjukepleiarutdanninga, mot betre vitande.
Det er ved å behalda dagens opptakskrav me sikrar at kommande sjukepleiarar er best mogleg rusta for det yrket dei vil møta.
Sikrar kompetanse
Karakterkrava er det einaste me har i dag som sikrar ein minimumskompetanse for søkjarar som ønskjer å bli sjukepleiar. Matte og norskkarakterane handlar om å evna til kjeldekritikk, forstå og nytta statistikk og forskingslitteratur. Det er ikkje berre avgjerande for å komma seg gjennom utdanninga. Det er også viktig i yrket som sjukepleiar.
Dersom karakterkravet blir fjerna veit me av erfaring at desse studentane vil krevja meir rettleiing
Sjukepleiarstudentar ligg på tredjeplass frå botn på studiebarometeret, det har me gjort i ei årrekkje. Studiebarometeret er eit mål på kor tilfreds studentane er med studiet. Me skårar spesielt dårleg på tilbakemeldingar og rettleiing. Dersom karakterkravet blir fjerna veit me av erfaring at desse studentane vil krevja meir rettleiing og oppfølging gjennom studiet. Noko som igjen fører til at allereie knappe lærarressursar blir smurde endå tynnare utover. Eg er spent på kva dette vil gjera med opplevinga til sjukepleiarstudentane av tilbakemeldingar og rettleiing dersom karakterkrava fell.
Mindre fråfall
Etter innføringa av karakterkrava har gjennomføringa i bachelorutdanninga i sjukepleie teke ei positiv retning. Ved dei fleste institusjonane har andelen som gjennomfører på normert tid auka til 70 prosent. I tillegg har andelen som droppar ut av studiet har sokke, frå nærare 16 prosent for startkull 2018, til 13 prosent for startkull 2019, ifølgje . Det handlar ikkje berre om å sleppa inn på utdanninga. Det handlar om føresetnadene for å lykkast på utdanninga.
Inntakskrav sikrar at institusjonane ikkje senkar dei faglege standardane sine for å fylla plassane. Finansieringa får dei for talet på uteksaminerte kandidatar.
Sjukepleiarar er ein sentral del av Noregs beredskap, forsvaret har som kjent ikkje eit eige helsevesen. Å senka krava vil skapa ulike utdanningskrav for distrikt og byar, i ei tid der behovet for høgt kompetente sjukepleiarar aukar.
Me er avhengig av å behalda dagens opptakskrav. Det er ei skam å ikkje snu.