Monica Goksøyr får Tarjei Vesaas’ debutantpris
«Slemme jenter» er tittelen på novellesamlinga som Monica Goksøyr forfattardebuterte med. No får ho Tarjei Vesaas' debutantpris for utgjevinga.
«Slemme jenter» blir av juryen karakterisert som «en stringent novellesamling som evner å skrive fra flere perspektiver, og gi leserne nye innsikter».
Dei sju novellene har alle jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardag og jaktar på spenning og grenseoverskridingar. Som er skadde, og som skadar.
Skadde menneske
– Er dei eigentlig så slemme desse jentene? I grunnen ikkje, men dei er, kvar på sin måte, ufrie. Dei lir under for trange rammer, for stram regi, og dei prøver etter evne å utfordre dei begrensningar omgjevnadene har tvinga på dei, lyder det i omtalen til juryen – som påpeikar at tittelen heller viser til ein paternalistisk hersketeknikk som reduserer forsøka til kvinner på å rydde seg plass i verda til noko barnleg og i siste instans, håplaust.
– Målet mitt er først og fremst å meistre litteratur som kunstform, gjerne med humor. Eg har ingen konkrete moralske bodskapar, trur eg, utover å påpeike at samfunnet vårt produserer skadde menneske, men eg tilbyr ingen svar, har Monica Goksøyr, som er fødd i 1990, sagt til Samtiden.
– Har sett djupe spor
Prisen vart skipa til av Tarjei Vesaas i 1964 med pengane han fekk som vinnar av Nordisk råds litteraturpris dette året. Kona Halldis Moren Vesaas skriv i erindringsboka si at han hugsa frå si eiga første skrivetid kor mykje ei oppmuntring kunne ha å seie for ein debuterande, ung forfattar.
Debutantprisen blir delt ut årleg til den beste unge skjønnlitterære forfattaren i fjor under 35 år. Bak står Den norske Forfatterforening, og det er dei litterære råda i foreininga som er prisjury.
Monica Goksøyr føyer seg til i alt 58 tidlegare prisvinnarar. «Forbløffande mange av dei har sett djupe spor etter seg i den litterære offentlegheita», skriv Forfattarforeininga i pressemeldinga.
Ho vil få prisen på Forfattarforeiningas årsmøte laurdag 9. mars.