Forbruk av naturressursar er meir enn tredobla på 50 år

Verdsforbruket av naturressursar er den viktigaste årsaka til klimaendringar, forureining og tap av naturmangfald.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Forbruket av naturressursar vil auke med 60 prosent dei neste 40 åra, dersom dei ikkje blir brukte meir effektivt og berekraftig, kjem det fram i FNs ressurspanels nye rapport Global Resources Outlook 2024, som vart lagt fram 1. mars på FNs miljøforsamling (UNEA).

Forbruket av naturressursar er meir enn tredobla dei siste 50 åra.

Det har gitt store konsekvensar for klima og natur, og gitt auka luftforureining, vassmangel og redusert vasskvalitet.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen fortel at regjeringa arbeider med fleire tiltak for meir berekraftig bruk av natur. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK

– Det er alarmerande at bruken i verda av ressursar aukar langt raskare enn det kloden vår toler. Alle land må ta ansvar for eit meir berekraftig forbruk. Regjeringa har ein plan for å redusere bruken av fossil energi, vi jobbar med fleire tiltak for meir berekraftig bruk av natur, og vi legg snart fram ein handlingsplan for sirkulær økonomi, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Bygg og transport bidreg til størst utnytting av naturressursar, etterfølgd av mat og energi.

Samla står desse fire sektorane for 90 prosent av det globale forbruket av ressursar.

Ifølgje rapporten bruker dei rike landa seks gonger meir naturressursar per innbyggjar enn fattige land. Rike land bidreg ti gonger meir til global oppvarming per innbyggjar enn fattige land. Fattige land blir også hardare ramma av forureining, klimaendringar og tap av naturmangfald enn dei rike landa.