Her er nokre av nyheitene som har prega den siste veka.
Her er nokre av nyheitene som har prega den siste veka.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Førre veke kom nyheita om at den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj har døydd medan han sona ein 30 år lang dom i ein straffeleir i Sibir.
Navalnyj var ein viktig opposisjonspolitikar og kritikar av sitjande president Vladimir Putin.
I ein video på X seier kona hans Julija Navalnaja at Putin drap mannen hennar og at ho vil halda fram kampen hans.
Я буду продолжать дело Алексея Навального. Продолжать бороться за нашу с вами страну. И я призываю вас встать рядом со мной. pic.twitter.com/aBOIvcYHHk
– Yulia Navalnaya (@yulia_navalnaya) February 19, 2024
– Eg vil halda fram å kjempa for landet vårt og eg oppmodar dykk til å stå ved sida mi, seier ho på russisk.
Ifølgje BBC har familien fått vita at dei ikkje får kroppen til Navalnyj før om to veker, fordi dei må gjennomføra ein kjemisk analyse.
Kona hans meiner russiske styresmakter har drepe Navalnyj med nervegifta Novitsjok, slik dei freista å gjera i 2020, noko russiske myndigheiter har avvist.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) hyllar Navalnyj og er klar på at russiske myndigheiter er ansvarlege for hans død. USA har òg varsla sanksjonar mot Russland etter dødsfallet, melder Reuters.
For tredje gong la USA ned veto mot ein resolusjon i Tryggingsrådet som kravde umiddelbar våpenkvile på Gaza. Forslaget var fremma av Algerie og la òg til grunn at alle gislane skulle frigjevast utan vilkår og at naudhjelpa skulle få koma inn på Gaza.
Tryggingsrådet er sett saman av 15 land. 13 av desse stemte for våpenkvila, medan Storbritannia valde å ikkje stemme.
USA stemte imot forslaget og har kome med eit eige forslag om ei midlertidig våpenkvile så snart som råd. Denne legg òg til grunn at gislane skal frigjerast og at naudhjelp skal få koma inn i Gaza, melder Associated Press.
Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at den norske befolkninga auka med 61 219 personar i 2023.
Ukrainske flyktningar bidrog sterkt til befolkningsveksten. I 2023 var det 86 600 innvandringar til Noreg. 33 000 av desse var ukrainske statsborgarar, som no utgjer den nest største innvandrargruppa i Noreg.
Busetting av ukrainske flyktningar har bidrege til befolkningsvekst i dei tre nordlegaste fylka, Nordland, Troms og Finnmark.
Den siste veka har indiske bønder marsjert mot hovudstaden New Delhi. Bøndene forhandlar med staten om ein ny femårskontrakt der staten kjøper avlingar. Bøndene vil at staten skal garantera for 23 avlingar, noko indiske myndigheiter ikkje har gått med på, ifølgje BBC News.
Dei protesterande bøndene i India har blitt møtt med tåregass, piggtråd og skote på med pellets av politi.
Myndigheitene fryktar at protestane skal veksa seg like store som då indiske bønder under koronapandemien i 2020 og 2021 protesterte mot nye landbrukslover. Fleire hundre indiske bønder mista livet i dei førre protestane, som enda med at regjeringa måtte trekkja dei nye lovene.
Torsdag ettermiddag tok ei fjorten etasjar høg bustadblokk i den spanske storbyen Valencia fyr.
Ifølgje spanske El País spreidde flammane seg fort.
Dei fleste av dei 500 innbyggjarane vart evakuert i tide, men fredag morgon er det meldt om fire døde og 14 skadde, inkludert brannmannskap.
19 personar er ikkje gjort greie for og ein fryktar at dødstala vil stiga.
Bygget var ifølgje NRK isolert med polyuretan, eit svært brennbart materiale, som ikkje vert brukt i nye bygg.
Brannen vert samanlikna med den katastrofale brannen i Grenfell Tower i 2017, der 72 menneske mista livet. Også der var det snakk om brannfarlege material i isolasjon og fasade.
Store teknologiselskap som Google, Meta, X, Microsoft, OpenAI, Adobe, Amazon, IBM og TikTok har signert ein avtale om å ta forholdsreglar for å hindra at kunstig intelligens vert nytta til å påverka val verda over, melder The Guardian.
Dei tolv selskapa som har signert peikar på at 2024 er eit år der mange land har val.
– Alle anerkjenner at ikkje eitt tek-selskap, ei regjering, ein organisasjon, kan hanskast med utviklinga av denne teknologien og den moglege vondsinna bruken åleine, sa Nick Clegg, leiar for globale saker i Meta.
Avtalen får kritikk for å vera symbolsk, utan noko forbod eller lovnad om å fjerna såkalla deepfakes. Selskapa ser likevel på metodar for å avdekkja og merka innhald som er generert med kunstig intelligens. Dei er einige om å dela beste praksis for å avdekkja slikt innhald og respondera på spreiinga av det.
Rachel Orey, leiar for valprosjektet til The Bipartisan Policy Center, meiner språket ikkje er sterkt nok, men anerkjenner innsatsen.
– Eg synest me skal gje ros som fortent og anerkjenna at selskapa har ei interesse i at verktøya deira ikkje blir brukt til å underkjenna frie og rettferdige val. Når det er sagt så er det frivillig og me vil halda eit auge med om dei følgjer opp.