Seks av ti lærarar har teke elevar i juks med kunstig intelligens
Kunstig intelligens gjer også at fleire lærar har endra leksene dei gir.
Seks av ti lærarar seier ei undersøking at dei har teke elevar i juks ved bruk av kunstig intelligens (KI). Halvparten seier dei vurderer elevane på nye måtar etter at KI kom inn i skulen.
Det viser ei undersøking Opinion har utført på oppdrag frå Utdanningsnytt.
Vel 1200 lærarar, som underviser i ulike typar vidaregåande skular, har svart på undersøkinga. Haldningane til kunstig intelligens sprikjer blant pedagogane.
Tre av ti seier dei er positive til bruk av kunstig intelligens i utdanning. Like mange er negative.
Likevel seier seks av ti lærarar at dei har teke i bruk kunstig intelligens i jobben.
Mange fortel at dei har endra måten dei jobbar på. Tre av ti seier også at dei gir andre lekser enn før.
Lærar Tom Vidar Moen Olsen ved Hammerfest vidaregåande skule seier at han rett og slett har slutta å gi karakterar på heimearbeid. Inntil han får eit verktøy der han kan stenge kunstig intelligens ute av klasserommet, har han valt å slå av PC-ane. Elevane hans får no berre bruke penn og papir.
– Eg er klar over at det vanskeleggjer enkelte ting, sånn som redigering av tekst, men det er eit val eg har teke fram til vi får andre løysingar på plass, seier Olsen til Utdanningsnytt.
– Kunnskapsdanninga skjer når du skriv, så det er meir læring i det enn å punche spørsmålet inn på nett for å få eit svar du limar inn. I det finst inga læring, seier han.