Avmålt mottaking for pakka mot avgiftssmell

NHO er avmålt og opposisjonen trur ikkje på tiltaka til regjeringa mot bortfallet av differensiert arbeidsgjevaravgift.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gigantisk løftebrot

NHO er skeptisk til kor godt dei føreslåtte tiltak kjem til å treffa, og saknar fleire av sine eigne framlegg i pakka finansminister Siv Jensen (Frp) og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) la fram fredag.

Det er nye EU-reglar om regional statsstønad som gjer det naudsynt å endra den norske ordninga med ulik arbeidsgjevaravgift rundt om i landet.

Regjeringas plan for å bøta på avgiftssmellen inneber mellom anna av ei utvida fribeløpsordning og særskilde løyvingar innan samferdsel.

Indirekte

– Me ser fleire gode tiltak i framlegget frå regjeringa, men diverre er det òg fleire av våre framlegg som ikkje er tekne med, seier avdelingsdirektør Ingebjørg Harto i NHO.

Ho meiner det er positivt at Nord-Noreg skal kompenserast krone for krone, men det er problematisk at dette i stor grad skjer indirekte.

– Ei øyremerking hadde gjort det langt enklare, seier ho.

Avdelingsdirektør i NHO Logistikk og Transport, Erling Sæter, er skeptisk.

– Transportbedriftene vert dårlegare fanga opp enn andre, seier han og slår fast at kostnadene for transportselskapa aukar med 150 millionar kroner.

Næringslivet i nord kom med forsiktige reaksjonar:

– Det er for tidleg å spretta champagnen, og me har ikkje full oversikt over sluttrekninga. Men me har tro på at dette ikkje skal gje oss store ekstrakostnader, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten til NTB.

– Løftebrot

På Stortinget var det tommelen ned frå SV og Senterpartiet. Arbeidarpartiet spør om pakka er omfattande nok.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes skildrar tiltaka som eit gigantisk løftebrot.

– Regjeringa freistar å kamuflera investeringar som allereie er undervegs som ekstraordinær kompensasjon. Dei store summane er rein retorikk. Tiltaka ligg allereie i transportplanar som regjeringa brukar om igjen. Dette er dobbel bokføring i milliardklassen, seier han.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier at saka føyer seg inn rekkja av saker som slår negativt ut for distrikta, og at vegbygging ikkje vil hjelpa den einskilde verksemda som får auka avgifter.

Ap-nestleiar Helga Pedersen seier at tiltaka verkar knappe og at det er uklårt om dei kjem til å treffa godt nok.

Rask handsaming

Saka skal no til finanskomiteen, der komiteleiar Hans Olav Syversen (KrF) seier at det er mogleg å leggja fram ei innstilling før sommarferien. Han meiner at mykje peikar i riktig retning.

– Me er kome lenger i å avgrense unntaka og har fått ei rekkje kompenserande tiltak, om enn ikkje verksemd for verksemd eller krone for krone. Spørsmålet er om det er godt nok, seier han.

Venstres André Skjelstad seier at dei er positive til tiltakspakka.

Fleire tiltak

Fribeløpet som skal fange opp verksemder som ikkje lenger kjem inn i ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, vert sett til 200.000 euro over ein treårsperiode. Dette gjeld mellom anna innan transport, energi, finans og forsikring, og dessutan produksjon av stål og syntetiske fibrar.

– Utrekningar syner at dei fleste verksemdene vil verta kompenserte, seier Sanner.

I tillegg set regjeringa av pengar til infrastrukturinvesteringar i Nord-Noreg, meir nøyaktig 1,6 milliardar kroner fram til 2018.

Regjeringa legg dessutan opp til at fleire verksemder enn tidlegare venta skal kunne halda fram med lågare arbeidsgjevaravgift.

Frå før av er det klårt at den generelle ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vert utvida med 31 kommunar.