Det har også vore andre viktige hendingar den siste veka, som det er greitt å ha fått med seg:
Russisk militærfly med ukrainske krigsfangar styrta
Onsdag styrta eit russisk militærfly ved landsbyen Jablonovo i Russland. Dei 74 personane om bord i flyet skal alle ha omkomme, ifølgje russiske styresmakter. 65 av desse skal ha vore ukrainske krigsfangar.
Jablonovo ligg i Belgorod-området, nord for den russiske grensa mot Kharkiv-distriktet i Ukraina. Russiske styresmakter seier flyet vart skote ned av ukrainsk militære, men Ukraina har ikkje stadfesta dette. Ukrainsk etterretningsteneste seier dei ikkje vart bedne om å sikre luftrommet i Sør-Russland.
Det er i utgangspunktet få ukrainske rakettar som kan nå så langt inn på russisk territorium, og desse har til no blitt brukt for å forsvare hovudstaden Kyiv.
Flyet som styrta var eit sovjetisk Il-76 transportfly. Her med eit IL-76MD fly frå 2017. | Illustrasjonsfoto: Vitaly V. Kuzmin, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Tyrkia seier ja til svensk Nato-medlemskap
Den tyrkiske nasjonalforsamlinga stemte tysdag ja til at Sverige kan bli med i Nato. Sverige søkte opphavleg medlemskap 18. mai i 2022, same dato som Finland. Bakgrunnen for søknaden er større spenningar mot Russland etter dei invaderte Ukraina.
Finland vart Nato-medlem 4. april, men Sverige fekk ikkje godkjenning frå alle medlemslanda, noko som er nødvendig for å bli med i Nato.
Tyrkia kravde blant anna at Sverige måtte utlevere kurdiske aktivistar, og fleire tilfelle med koranbrenning gjorde situasjonen vanskelegare.
Etter Tyrkia sitt ja er det berre Ungarn som står i vegen for eit svensk Nato-medlemskap. Den ungarske statsministeren Viktor Orbán har no invitert til møte med den svenske utanriksministeren.
Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdoğan, Nato-leiar Jens Stoltenberg og den svenske statsministeren Ulf Kristersson. Her frå Nato-møtet i Vilnius, Latvia i juli 2023. | Foto: Nato via Flickr, (CC BY-NC-ND 2.0 DEED)
Plagiatsaker i norsk politikk
Den siste veka i norsk politikk har vore prega av plagiatsakene til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) og tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Kjerkol si oppgåve vart skrive saman med ein annan student. Oppgåva deira har fleire tekstlikskapar med masteroppgåver frå 2014, 2015, og 2019, og ei fagbok frå 2021. Nord Universitet, der Kjerkol leverte masteroppgåva innan kunnskapsleiing, skal gå gjennom oppgåva, men saka er unnateke offentlegheita.
Odmund Løkensgard Hoel (Sp) tek over for Borch som forskings- og høgare utdanningsminister.
Ingvild Kjerkol nektar for plagiat i masteroppgåva si, trass i tekstlikskapar i andre masteroppgåver. Her frå ein munnleg spørjetime i Stortinget i oktober 2023. | Illustrasjonsfoto: Peter Mydske/Stortinget
Slike ulukker i mindre gruver er ikkje uvanleg i Mali, og styresmaktene har åtvara mot å ikkje følgje reglar for tryggleik etter ulukka. Mali er den tredje største gullprodusenten i Afrika og gull står for 80 prosent av eksporten deira. Dei største gruveselskapa som driv i landet er utanlandske.
Likevel er det også vanleg med mindre gruver som blir grave ut av lokale innbyggjarar, og over ti prosent av innbyggjarane i landet er avhengige av gullindustrien for å ha ei inntekt.
Det kan vere farleg å jobbe i gullgruver. Her planlegg dei i 2020 ei gruve i Kidal, nord i Mali. | Foto: AP Photo/Baba Ahmed
Ber om gransking av æreskriminalitet
Sidan den nye straffelova som kom i 2016, har ingen blitt dømt for tvangsekteskap i Noreg. Det kjem fram etter NRK denne veka kom med ein Brennpunkt-dokumentar om æreskriminalitet.
I 2023 var det rekordtal innan æreskriminalitet, med 1137 saker meldt til Kompetanseteamet for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold. Delar av grunnen kan vere auka kompetanse på feltet hjå politiet, som resulterer i fleire saker.
Framstegspartiet meiner ein bør få i gang tiltak fortare, og trekkjer fram tidlegare forslag om å oppheve opphaldsløyve for personar ansvarlege for tvangsekteskap og omskjering.
Bilete frå brennpunktdokumentaren "Ære" på NRK, som har vekka merksemd mot æreskriminalitet i Noreg. | Foto: NRK
✨Lyspunkt✨: Kamerun starta vaksinering mot malaria
Det vestafrikanske landet håpar å vaksinere 250 000 barn mot sjukdommen innan 2025 . Kamerun er det første landet som får eit vaksineprogram for barn mot malaria.
Alle barn under seks månader får no vaksine gratis. Dei treng fire dosar, skriv BBC.
WHO reknar at over 600 000 mistar livet årleg i Afrika på grunn av malaria.
Ein malariamygg. | Foto: Jim Gathany, Public domain, via Wikimedia Commons
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.