Masterutdanna får jobb etter studiane

Så mange som ni av ti masterutdanna er sysselsette eit halvt år etter avsluttande eksamen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Masterutdanna får jobb

Det viser at det er behov for masterstudentane i arbeidsmarknaden, meiner kunnskapsministeren.

Talet på studentar som tar masterutdanning, er dobla på ti år. Samtidig har delen som ikkje har fått relevant jobb etter utdanninga gått ned. Det kjem fram i Kandidatundersøkelsen 2013.

Undersøkinga er gjennomført av Nordisk institutt for studiar av innovasjon forsking og utdanning blant mastergradsutdanna eit halvt år etter ferdig utdanning.

Overdrevet bekymring
– Dette betyr at bekymringa for at dei unge tar for mykje utdanning er overdriven. Vi ser at det trengst meir kunnskap, ikkje mindre. Samtidig ser vi at nokre av gruppene har større utfordringar enn andre med å få relevant jobb, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på nettsidene til regjeringa.

Arbeidsløysa for dei nyutdanna har halde seg jamt på 7 prosent dei siste åra. For dei med økonomisk-administrativ utdanning er det ein liten auke i år. Også for personar med innvandringsbakgrunn og med master i naturvitskapelege og tekniske fag, er det ein større risiko for å bli arbeidsløyse.

Ny mastergrad
Mest mistilpassa på arbeidsmarknaden er personar med humanistisk og estetisk utdanning, men arbeidsløysa skil seg likevel ikkje ut frå andre grupper.

Regjeringa varslar at det vil bli starta opp ein mastergrad i karriererettleiing frå hausten for at fleire skal ta gode utdanningsval i framtida. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR YRKESVAL!