– Kritikken mot Widvey er urettferdig og ukorrekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kritikken er urettferdig

Åmås seier til NTB at han finn kritikken som har vore reist mot Thorhild Widvey (H) for å vere ein fagleg svak kulturminister «både urettferdig og ukorrekt». Han nektar dessutan for at han no sluttar etter berre få månader i departementet fordi det har samanheng med det kritikarane meiner er liten fagleg tyngde hos sjefen.

– Widvey er ein uhyre driven og dyktig politikar, som har stor gjennomføringsevne, seier Åmås til NTB.

Mange av dei same kritikarane meiner derimot at det nettopp har vore Åmås som har tatt ein vesentleg del av ansvaret for det politiske arbeidet til departementet i dei åtte månadene han har vore der.

– Ingen langsiktig jobb
Det vakte oppsikt, i positiv forstand, at den politiske veteranen Widvey hanka inn kulturtungvektaren Åmås då ho vart utnemnt til kulturminister etter valet i haust. Sistnemnde slutta på si side omgåande som kultur- og debattredaktør i Aftenposten for å kunne ta det politiske vervet.

– Eg skulle gjerne hatt meir enn åtte månader i departementet. Men med min kompetanse og bakgrunn, hadde eg uansett ikkje tenkt å gjere eit langsiktig yrke av politikken. Derfor har eg sagt ja til Fritt Ord, seier Åmås.

Han byrjar i stillinga som direktør for «ein av dei finaste og mest uavhengige institusjonane i det norske samfunnet» til hausten. Åmås tar over etter Erik Rudeng, som går av med pensjon.

– Det blir eit veldig fint framhald av det eg har drive med dei siste tjue åra.

Beklagar at han sluttar
Formelt får Åmås innvilga avskjedssøknaden sin av Kongen i statsråd fredag. Widvey sjølv beklagar i ei kort pressemelding at Åmås sluttar.

– Det har vore ei stor glede å samarbeide med Knut Olav Åmås i desse månadene. Eg ønskjer han lykke til med nye og spennande oppgåver, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Åmås meiner Widvey har skapt «større trøkk i mediepolitikken» på åtte månader enn kva dei raudgrøne klarte på åtte år, og gir «avbyråkratisering og forenkling for det frivillige» som eit eksempel på gjennomføringskrafta han tidlegare trekte fram.

– Vi har dessutan retta merksemda bort frå Kulturløftets vekt på infrastruktur og bygningar til å diskutere innhald og kvalitet, seier han.

Styreleiar i Fritt Ord, Georg Fr. Rieber-Mohn, føler seg trygg på at Åmås vil halde fram arbeidet for å fremje ytringsfridom og offentleg debatt. (©NPK)