Stadig fleire kvinnelege ordførarar
Aldri før har så mange av ordførarane i landet vore kvinner. Andelen har over fordobla seg dei siste 20 åra. Ved lokalvalet i haust gjekk andelen vidare opp.
Etter kommunevalet i fjor haust er no nær 37 prosent av ordførarane i landet kvinne. Det er ein auke på 1,3 prosentpoeng frå førre kommuneval, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
I kommunestyra er kvinneandelen 40,7 prosent, ein marginal auke på 0,2 prosentpoeng. Det er berre i 8 av dei 357 kommune- og bystyra i landet der kvinneandelen er under 25 prosent.
– I 38 av kommunestyra er kvinnene i fleirtal, medan det er berre rundt 10 kommunestyre der andelen menn er under 45 prosent, seier SSB-seniorrådgivar Terje Risberg.
Kvinneandelen er høgast for partia Raudt, SV, Ap og MDG, ifølgje SSB. SV er einaste partiet som har ein kvinneandel på over 50 prosent. Medan kvinneandelen går ned med 4 prosentpoeng til 45 prosent i MDG.
Frp er stortingspartiet med lågast kvinneandel, men har likevel opplevd ein auke frå førre lokalval. Partiet har auka med rundt 4 prosentpoeng til 29,9 prosent.
– Ser vi på dei partia med eit stort tal ordførarar, er det Ap og Sp som har flest kvinner. Ap har 42 prosent kvinnelege ordførarar, medan Sp har 40 prosent. Høgre har litt under 30 prosent, medan Frp har litt over 20 prosent. KrF har rundt 15 prosent kvinnelege ordførarar, seier Risberg.