Vi har kome oss gjennom den første veka i januar. Har du framleis juleferie mentalt, eller har du fått med deg snakkisane i 2024?

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.12.2024 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Quiz: Nyheitsquiz veke 1

  1. Spørsmål 1 av 10

    1.

    Kva kongeleg person abdiserte på nyttårsaftan? 

    • Du har heilt rett! 

      I nyttårstalen sin avslørte den danske dronninga at ho abdiserer 14. januar, etter 52 år på trona. Dronning Margrethe er 83 år gamal.

      – Eg har bestemt at det er det riktige tidspunktet. 52 år etter at eg etterfølgde min elska far, kong Frederik 9. ved hans død, vil eg tre tilbake som Danmarks dronning, sa ho i talen.

      Dronninga har tidlegare sagt at ho ikkje kom til abdisere. 

      Sonen hennar kronprins Frederik (55) tar over trona etter ho. 

      Silent Film Flag GIF by Det Danske Filminstitut

    • Feil!

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 10

    2.

    16 år gamle Luke Littler har imponert med å kome seg til VM-finalen i kva sport?

    • Heilt rett!

      16-åringen Luke «The Nuke» Littler er tidenes yngste finalist i turneringa. Det var første gongen han deltok i verdsmeisterskapet i dart for vaksne, men han er frå før av juniorverdsmeister.

      Etter å ha slått ut den eine favoritten etter den andre, måtte han i finalen sjå seg slått av Luke Humphries.

      Les meir om den 16 år gamle dartsensasjonen her!

      Celebration Darts GIF by SPORT1
    • Her bomma du!

  3. Spørsmål 3 av 10

    3.

    Kva tidlegare Idol-deltakar skal vere med i årets Melodi Grand Prix?

    • Stemmer!

      sign voting GIF by Eurovision Song Contest

      Fredag vart deltakarane i Melodi Grand Prix presentert. Blant dei finn vi Margaret Berger.

      Trønderen har tidlegare vunne konkurransen med låten I Feed You My Love, som fekk ein sterk fjerdeplass i Eurovision Song Contest i 2013.

      No er ho tilbake på den norske MGP-scena, og skal konkurrere mot mellom anna Myra, Gåte og KEiiNO for å kome seg til den internasjonale finalen i Malmö i mai.

    • Feil svar.

      fail eurovision song contest GIF by NDR

  4. Spørsmål 4 av 10

    4.

    Kva for ein kjent person gifta seg på Røros på nyttårsaftan?

    • Korrekt!

      Langrennsprofil Therese Johaug og roar Nils Jakob Hoff gifta seg på Røros nyttårsaftan.

      Fleire store idrettsprofilar var til stades i bryllaupet, som nyttårsaftan fekk ein del spalteplass i media. På Instagram har Johaug skildra dagen som ein av dei største i livet hennar, og som ein «helvetes fest».

      Getting Married Disney GIF
    • Feil!

      Langrennsprofil Therese Johaug og roar Nils Jakob Hoff gifta seg på Røros nyttårsaftan.

      Fleire store idrettsprofilar var til stades i bryllaupet, som nyttårsaftan fekk ein del spalteplass i media. På Instagram har Johaug skildra dagen som ein av dei største i livet hennar, og som ein «helvetes fest».

      Getting Married Disney GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 10

    5.

    Kva land vart første nyttårsdag råka av eit kraftig jordskjelv?

    • Rett svar.

      Minst 84 personar er døde etter at Japan første nyttårsdag vart råka av eit kraftig jordskjelv, skriv nyheitsbyrået Reuters.

      Fem personar er òg døde etter at eit passasjerfly frå Japan Airlines kolliderte med eit fly frå den japanske kystvakta på rullebana.

      Les meir i Vekas viktigaste.

    • Feil svar. 

      Minst 84 personar er døde etter at Japan første nyttårsdag vart råka av eit kraftig jordskjelv, skriv nyheitsbyrået Reuters.

      Fem personar er òg døde etter at eit passasjerfly frå Japan Airlines kolliderte med eit fly frå den japanske kystvakta på rullebana.

      Les meir i Vekas viktigaste.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 10

    6.

    Denne veka vart det offentleggjort dokument med personar knytt til overgriparen Jeffrey Epstein. Kva kjend politikar var om bord i flyet hans, som blei kalla Lolita-ekspressen?

    • Riktig!

      Mange av namna som er med i dokumenta, er folk som tidlegare har blitt knytt til Epstein. Ein av dei er den tidlegare amerikanske presidenten Bill Clinton.

      I dei nye dokumenta blir han nemnd 50 gonger, utan at han blir skulda for noko ulovleg. Han har tidlegare innrømt å ha reist med privatflyet som har fått kallenamnet «Lolita Express».

      Ein talsperson for Clinton seier til CNN at han ikkje kjente til dei «forferdelege lovbrota» til Epstein under venskapet deira, og at det er nesten 20 år sidan dei sist hadde kontakt. Epstein var tiltalt for menneskehandel, og døydde medan han var fengsla i 2019. Han tok truleg livet av seg.

    • Feil.

  7. Spørsmål 7 av 10

    7.

    Kva ny regel tredde i kraft no på nyåret?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 10

    8.

    Det vart sett ny kulderekord for dette tusenåret i Kautokeino denne veka. Kor kaldt var det?

    • Utruleg, men sant!

      Torsdag vart det i Kautokeino målt heile 49,7 minusgrader! Det er ny kulderekord for dette tusenåret. 

      I 1999 vart det målt 50,3 minusgrader, som er den gjeldande rekorden. 

      Video gif. A man in a business suit is stuck hips down in snow during a blizzard. His hair is messy and dusted with snow, ice forming on his beard. Snow pummels him as he shivers intensely.
    • Her vart det feil.

  9. Spørsmål 9 av 10

    9.

    Kven vann hoppveka for menn?

    • Stemmer!

      Laurdag vart den prestisjetunge hoppveka avgjort. Det var Ryoyu Kobayashi frå Japan som stakk av med samanlagdsigeren.

      Marius Lindvik vart beste nordmann i hoppveka samanlagt på 9.-plass. 

      Flying Winter Sports GIF by US National Archives
    • Feil!

      Laurdag vart den prestisjetunge hoppveka avgjort. Det var Ryoyu Kobayashi frå Japan som stakk av med samanlagdsigeren.

      Marius Lindvik vart beste nordmann i hoppveka samanlagt på e9.-plass. 

      Flying Winter Sports GIF by US National Archives
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 10

    10.

    Ein 13-åring er den første nokosinne til å vinne eit spesielt spel. Kva spel var det?

    • Korrekt!

      13 år gamle Willis Gibson er den første tetris-vinnaren nokosinne. I ein video lagt ut 2. januar er Gibson sjokkert over sigeren sin i spelet tetris.

      Gibson samla inn 999 999 poeng, før spelet stoppa opp. Aldri før har eit menneske kome så langt i spelet, at det ikkje var meir igjen å spele.

      Game Love GIF by Denyse®
    • Feil!

      13 år gamle Willis Gibson er den første tetris-vinnaren nokosinne. I ein video lagt ut 2. januar er Gibson sjokkert over sigeren sin i spelet tetris.

      Gibson samla inn 999 999 poeng, før spelet stoppa opp. Aldri før har eit menneske kome så langt i spelet, at det ikkje var meir igjen å spele.

      Game Love GIF by Denyse®
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

Sjekk ut desse sakene frå starten av det nye året: