Vekas viktigaste: Vulkanutbrot, mobilisering i Ukraina og Fosen
Her er nokre av dei største sakene frå veka som gjekk.
Marie Knutsen Bruntveit og Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06
Stort vulkanutbrot på Island
Måndag kveld i 21-tida vart det registrert kraftige jordskjelv i vulkanen Hagafell på den islandske Reykjanes-halvøya.
Som følgje av skjelva, opna det seg ein sprekk i bakken på over fire kilometer, og lava byrja å strøyme frå den.
Dei siste vekene har meteorologar registrert stor vulkansk aktivitet i området. Førre månad vart halvøya utsett for over 1 000 jordskjelv på eit døgn. 4 000 innbyggjar i byen Grindavík vart som følgje evakuert og turistattraksjonar vart stengde.
I det fyrste døgnet etter utbrotet har det blitt registrert over 300 skjelv i området.
Lavastraumen svekka seg kraftig i timane etter utbrotet, og onsdag morgon kunne den islandske rikskringkastaren RUV melde at utbrotet har stabilisert seg.
Det renn framleis lava i straumar mot aust, nord og vest frå utbrotsstaden
Det er ikkje meldt om personskadar knytt til utbrotet.
Ukraina: Ønskjer å mobilisera 500 000 ekstra sivile
Den ukrainske presidenten annonserte tysdag eit forslag om å utvida mobiliseringa av sivile. Det Volodomyr Zelenskyj i sin oppsummerande pressekonferanse for 2023.
Forslaget er å henta inn mellom 450 000 og 500 000 nye ukrainarar til forsvarsstyrkane i krigen mot Russland, melder Reuters.
– Eg har sagt at eg må høyra fleire argument som støttar dette valet. Fordi fyrst og fremst er dette eit spørsmål om folk, vidare eit spørsmål om rettferd, om forsvarskapasitet og om finansiering, sa Zelenskyj i pressekonferansen.
Ifølgje ukrainske styresmakter, vil det kosta 500 milliardar ukrainske hryvnja, om lag 137,1 milliardar kroner, å dekka kostnadane for ei eventuell utvida mobilisering.
Om forslaget går gjennom vil dette vera den største opptrappinga sidan starten av krigen i februar 2022.
Det er ikkje kjend kor mange som i dag kjempar på ukrainsk side av krigen, men i fjor sommar hevda den ukrainske utanriksministeren at talet var på rundt éin million.
Russland annonserte tysdag at dei også planlegg å mobilisera ytterlegare til 1,5 millionar personar.
I ei uttale tysdag hevda Russlands president Vladimir Putin at det no er Russland som har overtaket i krigen.
– Fienden har lidd harde tap, og i stor grad kasta vekk sine reservar medan dei forsøkte å vida i det minste nokre resultat av si såkalla motoffensiv til sine herrar, sa Putin.
Semje om Fosen-avtale
Sør-Fosen sitje og Fosen Vind har nådd ei avtale i meklinga. Det opplyste Olje- og energidepartementet måndag kveld, melder NTB.
– Fosen-saka har vore krevjande for alle partar, og det er ikkje tvil om at saka har vore aller mest belastande for dei familiane som driv med reindrift på Fosen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
– Mitt håp er med dette at også nye generasjonar kan sjå moglegheita for å føre vidare reindrifta på Fosen, seier Aasland.
– Gjennom avtala er vi sikra tilleggsareal og vetorett på vidare vindkraft etter enda konsesjonstid. Vi ser fram til positive utfordringar og vil arbeide for at vi får ei god samisk reindrift, seier Leif Arne Jåma, som er leiar i Sør-Fosen sijte.
– Det er kjempeviktig å presisere at Fosen-saka ikkje er løyst. Det kjenner eg at eg er veldig redd for, at vi skal sleppe dette no. Det ville vore eit nytt svik mot reindrifta, seier Ella Marie Hætta Isaksen, ifølgje NRK.
Israel beordra tvangsevakuering av Khan Younis
Khan Younis er den største byen sør på Gazastripa, ifølgje FN.
Onsdag skal Israel ha gjeve ut kart som viser at nye delar av den største byen sør på Gazastripa som er peika ut for evakuering. Det melder FNs nødhjelpskontor OCHA.
Ifølgje OCHA dekker desse nye områda om lag 20 prosent av byen, og var inntil eskaleringa i oktober, heimen til over 110 000 menneskje.
Innanfor det utpeika området skal det òg ligga 32 tilfluktslokale som husar over 140 000 av dei internt fordrivne. Mesteparten av dei er frå nord på Gazastripa.
Onsdag meldte den israelske hæren at dei hadde gjennomført bakke-, luft- og havoperasjonar mot fleire titals terroristar og terroristinfrastruktur i byen.
Denne veka nådde krigen mellom Israel og Hamas eit nytt stadium. Ifølgje Hamas sitt helsedepartementet på Gazastripa har 20 000 palestinarar blitt drepne i israelske angrep på Gazastripa sidan oktober.
– Konflikten i Gaza har nådd endå ei tragisk og skamfull milepæl med dei rapporterte dødsfalla av 20 000 personar, ifølgje lokale styresmakter, skriv Martin Griffiths, sjef for FNs humanitære fond, på X (tidl. Twitter).
Amerikansk delstat diskvalifiserer Trump
Høgsteretten i delstaten Colorado har vurdert tidlegare president Donald Trump sin innsats i storminga av kongressen 6. januar 2021. Delstatshøgsteretten meiner i si kjenning at det Trump gjorde før, under og etter storminga oppfyller krava for opprør mot den amerikanske staten.
I seksjon tre av det 14. tillegget til USAs grunnlov, heiter det at personar som har vore involvert i opprør mot grunnloven etter å ha sverja ein eid om å beskytta og forsvara den, ikkje kan bli president i USA.
Dette er fyrste gang i amerikansk historie at denne paragrafen har blitt brukt til å diskvalifisera ein president.
Dommen frå høgsteretten i Colorado vil bety at Trump ikkje kan stilla som kandidat i det republikanske primærvalet i staten. No vil saka truleg sendast vidare til den nasjonale høgsteretten
Lyspunkt: Haaland kåra til årets utøvar
Erling Braut Haaland (23) er kåra til verdas sportsstjerne for 2023 av BBC Sport. Nordmannen danka ut mellom andre Formel 1-førar Max Verstappen, turnar Simone Biles og rugbyspelar Siya Kolisi.
– Å bli anerkjend på denne måten av alle som elsker idrett, er ei veldig spesiell kjensle og eg vil takke alle som stemte på meg, sa Haaland til VG om prisen.
Det er sjette gongen prisen går til ein fotballspelar, og Haaland følgjer i spora til blant anna Lionel Messi, Cristiano Ronaldo og Pelé.