– Imponert over elevane

Gjennom den siste veka har 9.-klassingane ved Ørsta ungdomsskule fått vere kreative og jobba saman med næringslivet i Ørsta under gründercamp.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Totalt 21 grupper har denne veka fått oppgåver ved ulike bedrifter i Ørsta kommune. Elevane har jobba hardt, og fredag var det klart for presentasjon og kåring i flatsalen på Ørsta kulturhus.

– I år har elevane i større grad fått jobba ute i bedriftene. Dette er flott, og vi får ein enno tettare link til næringslivet, seier Heidi Aambakk ved Ørsta ungdomsskule.

I juryen i år sat Odd Magne Vinjevoll, Arne Johan Rebbestad, Marianne Solbjørg Ose og Kristoffer Myklebust Egset. Dei var imponert over kreativiteten til dei ulike gruppene.

– Det er stor spreiing i prosjekta og ideane, og her er alt frå eldreomsorg og barnehagar til teknologiske løysingar, seier Rebbestad.

– Som skulerepresentant så gjev samarbeidet med næringslivet mulegheiter, og det betyr mykje at elevane kjem tett inn på kvardagen i næringslivet, seier Solbjørg Ose.

– Elevane får også sjå at ting tek tid, og det er mykje som skal til før eit endeleg produkt er klart, legg Rebbestad til.

Etter at juryen hadde fått høyrt alle presentasjonane trakk dei seg tilbake for å prøve å finne ein vinnar. Dei tre gruppene som vart plukka ut til å presentere prosjektet sitt for heile salen var 9c som arbeidde med flyktningkontoret, 9c som arbeidde med frivilligsentralen og 9d som arbeidde med VikØrsta.

Til slutt var det flyktningkontoret som gjekk av med sigeren. Prosjektet deira er å starte Kulturkafèen som skal vere ei elevbedrift. Elevar frå norskopplæring i Ørsta skal stå for maten, og målet er å skape ein møteplass på tvers av kulturar og legge til rette for betre integrering for innvandrarar. Gruppa fekk utdelt ein sjekk på 1.000 kroner frå Ørsta næringskontor, og i gruppa var Nasim Rizai, Victoria Engeset, Stian Welsvik Haugen, Kristianne Farstad Bergseth, Nikolai Vatne Lid og Pål Masdal Andersen.

På 2. plass kom frivilligsentralen og på 3. plass kom VikØrsta.

I tillegg delte juryen ut ein pris for beste presentasjon. Denne gjekk til 9e som laga profileringsprodukt for Høgskulen i Volda, og gruppa fekk 750 kroner i premie.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.


Audun Otterlei, Andreas Skare, Mildrid Runde, Marlene Lunde, Elisabeth Norhagen fekk 3. plass i årets gründercamp med sin ide om enklare vasking av undersida på båtar. Her saman med mentor Tor Ose.