Gir støtte til solcelleutbygging
Som første kommune i landet har Oslo vedteke å utarbeide ei støtteordning for solcelleutbygging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidarpartiet fremma forslaget i samferdsels- og miljøkomiteen i bystyret, og støtteordninga vart vedteken onsdag, melder Teknisk Ukeblad.
– Dette er veldig positivt. Solceller har falle utanom alle offentlege støtteordningar. No har medvitet auka, og vi er veldig glade for at ein får teke det inn. Oslo var tidleg ute med utfasing av oljefyr. No kan ein vere det same med solcelleutbygging, seier bystyremedlem for Arbeidarpartiet, Rina Mariann Hansen, til magasinet.
Ordninga skal vere underlagt Klima- og energifondet, som igjen er underlagt det statlege føretaket Enova, under Olje- og energidepartementet.
Fondet gir ikkje midlar til kommunale utbyggingar, men til næringsliv og privatpersonar.
Alle partia utanom Framstegspartiet (Frp) stemte for forslaget.
– Vi ønskjer meir informasjon om kost/nytte-vurderingar og er for meir nøytralitet mellom ulike energiproduksjonar, seier nestleiar i samferdsels- og miljøkomiteen Carl I. Hagen. (©NPK)
LES OGSÅ: Slik kan Noreg bruka sola meir