Grunnlova kjem på nynorsk

Eit stort fleirtal på Stortinget vil i morgon røysta for at Grunnlova kjem på nynorsk. Bokmål blir det verre med.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortinget går truleg inn for å gi Grunnlova ny språkdrakt på bokmål, og at det samtidig kjem ein nynorskversjon. Fleire parti har flytta på seg, opplyser Helge Thorheim (Frp) i kontroll- og konstitusjonskomiteen til NTB.

Komiteen skal ha eit uformelt møte tidleg måndag kveld, før Stortinget i plenum skal stemma over spørsmålet tysdag. Men ifølgje Thorheim tyder mykje på at språkstriden er løyst, og at saka er avgjort.

Det ser ut til at det blir to tredels fleirtal for forslaget frå Finn-Erik Vinje til ny Grunnlov, som blir kalla for ei moderat oppdatering av språket. I tillegg kjem også Grunnlova på nynorsk, slik ho blei utarbeidd av eit utval leidd av jussprofessor Hans Petter Graver.

Arbeidarpartiet, som opphavleg ønskte ei oppdatering av språket til moderne bokmål, skal no ha slutta seg til forslaget frå Vinje, som tidlegare berre blei støtta av Framstegspartiet. Høgre er venta å gjera det same.

Forhandla inn menneskerettar
Kristeleg Folkeparti, som før helga var klårt mot nynorskversjonen, har skifta syn. Dette fordi dei får inn to formuleringar om menneskerettar i Grunnlova, som dei har tapt tidlegare i arbeidet. Det gjeldt ei setning om familien sin plass, og ei overordna formulering om menneskerettane.

LES OGSÅ: KrF opnar for hestehandel om Grunnlova

Nynorsken sigrar
Grunnlovsteksten som er utarbeidd av professor Finn-Erik Vinje og fremja av Carl I. Hagen, har eit meir konservativt språk enn bokmålsversjonen som Graver-utvalet føreslo. Men det er Vinje-teksten som no ser ut til å få fleirtal.

– Om dette blir resultatet i morgon, betyr det at nynorsken får ein større bruk enn bokmål i norsk rettspleie, seier saksordførar Per Olaf Lundteigen til bt.no.

Det grunngjev han med at Vinje-versjonen, som truleg vert vedteken, er svært konservativ og gamaldags i forma.

– Det vert mykje lettare for folk å venda seg til nynorskversjonen enn til Vinje når dei skal studera Grunnlova, meiner Lundteigen.