Folk på bygda mest skeptiske til tigging
Innbyggjarar på tettstader med færre enn 5000 innbyggjarar er mest negativt innstilt til tigging, viser undersøking utført for NRK.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse er mest skeptiske
Norstat har gjennomført undersøkinga som syner at verken utdanning, alder eller kjønn er avgjerande for kven som vil ha eit forbod mot tigging her i landet, skriv NRK.no.
LES OGSÅ: Politiet går hardt ut mot tiggeforbod
Skeptisk sørvest
Det er innbyggjarar på tettstader med mindre enn 5000 innbyggjarar som er mest skeptiske, her vil kring 60 prosent ha eit forbod. I byar med over 50.000 innbyggjarar seier 50 prosent at tigging bør vere forbode. I Oslo vil 48 prosent ha eit forbod.
Det er folk på Vestlandet, Sørlandet og i Telemark som er mest skeptiske til tigging, medan folk i nord er minst kritiske.
Når ein ser på partitilknyting er flest veljarar frå SV, KrF og Venstre mot eit forbod, medan det er blant veljarane til Høgre og Frp flest er for, ifølgje NRK.no.