Nepal forbyr TikTok på grunn av usømeleg materiale
Regjeringa i Nepal har nyleg innført nye lover for internasjonale sosiale medium.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa i Nepal annonserte måndag at dei vil forby det sosiale mediet TikTok med umiddelbar verknad.
Utanriksminister Narayan Prakash Saud skal ha forklart avgjerda med at det sosiale mediet forstyrra «den sosiale harmonien» og bidrog til ein flaum av usømeleg materiale, melder nettstaden Quartz.
Kongressmedlem Gagan Thapa meiner det nye TikTok-forbodet er eit åtak på ytringsfridomen, ifølgje BBC.
Regjeringa har nyleg innført nye lover for internasjonale sosiale medium-selskap og skal ha freista å halde TikTok ansvarlege ved å be dei registrera seg med kontor i landet, betala skatt og følgja lover og reguleringar.
Dette er ikkje første gong landet regulerer nettbruken til innbyggjarane. I 2018 stengde Nepal alle pornonettsider med mål om å stanse seksuell vald.
Nabolandet India forbydde TikTok alt i 2020, medan den amerikanske staten Montana gjorde det tidlegare i år.
ByteDance, som er det kinesiske selskapet bak TikTok, har ikkje svart internasjonale medium på kritikken.