Vekas viktigaste: 6,9 millionar fordrivne i Kongo, flyktningleir bomba i Gaza og Høgsterett om Acer
Kollasj av Framtida med flyktningleir i DR Kongo, sosiale medium og IDF-soldatar. | Foto: UN Photo/Sylvain Liechti, Brett Jordan på Unsplash og Israel Defense Forces via AP
Meta vil ta betalt for å ikkje spore deg og kunstig intelligens kan finne kreft. Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert Oppdatert 05.06.2024 14:06
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
FN: Nesten 7 millionar flyktningar på grunn av krigen i Kongo
Dei fleste av flyktningane har busett seg i dei austlege provinsane av landet. Her er det fleire væpna grupper som delvis slåst over gullressursane som eksisterer i området.
FN har fredsbevarande styrkar i landet no, men etter å ha vore der i to tiår har i dei vore under press til å forlate området.
Internt fordrivne er ikkje noko nytt i DR Kongo. Her frå ein FN-leir frå 2013 ved Kitshanga. | Foto: UN Photo/Sylvain Liechti
Høgsterett: Deltaking i Acer er ikkje ulovleg
Denne veka konkluderte Høgsterett at det ikkje er ulovleg for Noreg å delta i Acer. Acer, eller Byrået for samarbeid mellom energireguleringsstyresmakter, er eit EU-byrå. Dei koordinerer energisamarbeidet i EU, tolkar retningslinjer og lagar reglar for kraftmarknaden til dei som er med i samarbeidet.
Nei til EU har gått til sak mot staten for å ha gått med på ei energipakke med EU i 2018. Dei meiner det strid mot Grunnlova å overføre myndigheit over energimarknaden i Noreg til eit organ utanfor landet, og at Acer kan indirekte påverke straumprisane i her. Høgsterett har konkludert med at Acer si makt er lite inngripande, og ikkje strid mot Grunnlova.
Frå ein demonstrasjon utanfor Høgsterett under behandlinga av Acer-saka 6. september. | Foto: Nei til EU
Israel bomba flyktningleir med palestinarar
Det israelske militæret (IDF) stadfesta at dei bomba flyktningleiren Jabalia på Gazastripa tysdag. Minst 50 personar vart drepne og 150 såra i åtaket. Ifølgje IDF var målet ein kommandant, Ibrahim Briari, frå Hamas som skal ha vore involvert i åtaket 7. oktober. Briari skal ha døydd i åtaket.
IDF seier også at ei gruppe leia av Briari skal ha teke kontroll over sivile bygg i flyktningleiren. Denne påstanden er ikkje stadfesta av andre.
Denne veka var også fyrste gong sidan 7. oktober at nokon fekk reise ut frå Gaza og inn i Egypt. Nabolandet opna Rafah-grensa for visse utanlandske statsborgarar i Gaza. Norske borgarar har førebels ikkje vore inkludert blant desse.
Frå ein bakkeoperasjon inne på Gazastripa av det israleske militæret (IDF) frå torsdag 2. november. | Foto: Israel Defense Forces via AP
Facebook og Instagram tek betalt for å ikkje spore europearar
Frå 1. november tilbyr Meta, selskapet bak Instagram og Facebook, ei ny teneste som brukarar kan abonnere på. Personar som bur i EU, EØS og Sveits kan betale mellom 10 og 13 euro i månaden for å bruke dei sosiale media deira utan at aktiviteten deira blir spora.
Datatilsynet er kritiske til denne ordninga. Dei meiner plattformene har blitt selt inn som gratis i fleire år, og at fleire er avhengige av dei for å vere sosiale eller drive næringsverksemd.
Ved å bruke KI håpar forskarane at det blir lettare å finne ut kva pasientar som har meir aggressive kreftformer. Det kan bidra til at dei får tidlegare behandling, og dermed betre utfall.
Studien legg til grunn resultatet frå 89 pasientar frå Europa og USA. KI-programmet tok utgangspunkt i røntgenbilete frå 170 kreftpasientar for å kunne sette diagnose på desse pasientane.
Dersom kunstig intelligens kan diagnostisere kreft, kan det bli mindre nødvendig med celleprøver for å avdekke alvorleg kreft. | Foto: National Cancer Institute på Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.