– Voss Jazz når måla
Festivalsjef Trude Storheim er nøgd med årets festival, og rapporterer om godt med publikum alle dagar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tala var rett nok ikkje klare måndag, men Storheim hadde sikta over det store biletet.
Ungt publikum
– Fredagen var uvanleg godt besøkt. Stein Torleif Bjella og Side Brok trekte bra med folk, og det er kjekt å sjå at Side Brok framleis trekkjer så ungt publikum. Me hadde som mål å få ut meir folk fredagen, og generelt eit yngre publikum i år. Me lukkast med begge delar, sa ho under pressetreffet sundag føremiddag.
– Me hadde betre forsal enn tidlegare, og det var stort sett godt besøk under alle konsertane. Me hadde bevisst litt meir luft i programmet i år enn i fjor, og ser ut til å nå måla våre både kva gjeld både besøk og økonomi, oppsummerer Storheim.
– Det meste på skinner
Ho rapporterer elles at det meste har gått på skinner.
– Utanom eit piano som rauk mellom laurdagen og sundagen, har det gått utruleg knirkefritt.
For Storheim sjølv var tingingsverket med Mats Eilertsen det store musikalske høgdepunktet, i tillegg til dei andre festivalproduksjonane som til dømes Polyostinat med Ivar Kolve. Ho er også særs nøgd med å samarbeida med Liv Bernhoft Osa om førestillinga på Sævelid.