Nynorsk heider til Slapgard og Osland
Sigrun Slapgard får Nynorsk litteraturpris 2013. Erna Osland får Nynorsk barnelitteraturpris.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heidrar Osland og Slapgard
Sigrun Slapgard får prisen for boka "Englestien". Nynorsk litteraturpris vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er på 30.000 kroner.
Nynorsk litteraturpris 2013 går til Sigrun Slapgard for romanen "Englestien" som er ein frittståande oppfølgjar av den fyrste romanen hennar "Paradishagen".
– Ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre å ta farvel, men likevel å måtte ta farvel, seier juryen i grunngjevinga si.
– Særs viktig arbeid
Erna Osland fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka Nasevis. Prisen har vore delt ut sidan 1968 og er på 30.000 kroner.
– Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2013 gjer eit særs viktig arbeid med å produsera nyskriven faglitteratur for ungar, seier juryen i grunngjevinga si.
Erna Osland har skrive mange gode fagbøker om ulike emne, og fleire av desse bøkene høver godt for eldre ungar, ei lesargruppe som har færre bokutgivingar retta til seg. Juryen meiner prisvinnaren fortener heider for satsinga på faktabøker for denne lesegruppa, og med vinnarboka stadfestar forfattaren posisjonen sin innafor sjangeren.