Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Andrea Nøttveit, Birgitte Vågnes Bakken og Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag 6. oktober legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram den raudgrøne regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Pengebruken er på 409,8 milliarder kroner. Det er historisk høgt og tilsvarar 2,7 prosent av Oljefondet, noko som er innafor handlingsregelen på 3 prosent.
I budsjettet har regjeringa sett av meir pengar til mellom anna:
Dette er berre nokre av lekkasjane som har kome i forkant av at budsjettet vart lagt fram. I tillegg lovar regjeringa 150 millionar til lågterskeltilbod for psykisk helse.
No skal Arbeidarparti- og Senterparti-regjeringa forhandla for å få budsjettet vedteke, der dei først vil vende seg mot SV.
Den karibiske øystaten Haiti har hatt ein kraftig auke i gjengvald sidan 2020.
Gjengar har tvinga over 200 000 menneske på flukt frå heimane sine i hovudstaden Port-au-Prince og spreier seg til andre stader i landet, ifølgje FN.
Dei flyktar frå brannar, kidnapping, valdtekt og drap. 2728 personar vart drepne i perioden oktober 2022 til juni 2023. 78 av desse var born, ifølgje AP.
Borgarverngruppa Bwa Kalé har bidrege til valdsspiralen med å ta lova i eigne hender.
No har FN for første gong vedteke å sende styrkar til eit land for å hjelpe lokalt politi med å hanskast med valdsbølgja. Styrken skal leiast av Kenya, som sender 1000 politioffiserar.
– Dette er meir enn eit enkelt vedtak, det er eit uttrykk for solidaritet med ei befolkning i naud, sa Haiti sin utanriksminister, Jean Victor Geneus, til FNs tryggleiksråd.
67 kvinner frå Grønland har stemna den danske staten for å ha fått sett inn prevensjonsmiddelet spiral mot eiga vilje. Dei krev 300 000 kvar i erstatning frå staten for inngrepa som skjedde på 60- og 70-talet, skriv Danmarks Radio (DR).
I perioden spiralinngrepa skjedde, var Grønland eit dansk amt. DR skriv at dei danske styresmaktene skal ha vore urolege for kostnadane ein auke i befolkninga på Grønland ville føre med seg. Dei fekk difor danske legar til å setje inn spiral på fruktbare kvinner. Det blei gjort på mange utan at dei fekk vite eller samtykka til det.
Naja Lyberth fekk sett inn spiral då ho var 14 år, og fortel ifølgje NRK at det føltest som eit overgrep. Lyberth seier at grønlandske kvinner blei steriliserte over ein kortare eller lengre periode og at fleire har fått seinfølgjer, som at dei har måtta fjerne livmora, ikkje kan få barn eller har fått traume. Spiralen var meir smertefull enn dagens variantar.
Eit forskarteam er i gang med ei etterforsking av spiralsaka og er resultata er venta i 2025. Ifølgje DR skal meir enn 4500 grønlandske jenter og kvinner fått sett inn spiral mellom 1960 og 1991.
Måndag vart det kjent at ungarske Katalin Karikó og amerikanske Drew Weissman blir heidra med Nobelprisen i medisin for arbeidet deira med å utvikle koronavaksinar basert på mRNA-teknikk. Nobelstiftinga trekker fram at arbeidet deira har redda millionar av liv. Det blei allereie for 40 år sidan oppdaga at mRNA kan bli nytta for å trigge immunforsvaret, men forskarduoen har bidrege til at det kan bli brukt i ein fungerande vaksine, skriv Aftenposten.
Nobelprisen i kjemi går til forskarane Moungi Bawendi, Louis Brus og Aleksej Ekimov for arbeidet deira med kvanteprikkar. Kvanteprikkar blir brukt i mellom anna TV-skjermar, solcellepanel og innan medisin.
I fysikk går Nobelprisen til Pierre Agostini, Ferenc Krausz og Anne L’Huillier. Dei får prisen for arbeid innan attosekundfysikk og med ein ny type laser som gjer at ein kan studere korleis elektron beveger seg inne i atom og molekyl.
Litteraturprisen blir gjeve til den norske forfattaren Jon Fosse.
Fredag vil òg Nobels fredspris bli annonsert.
Vinnarane får 11 millionar svenske kroner, diplom og ein gullmedalje.
Ifølgje EU si klimaovervaking var det den varmaste september-månaden nokosinne målt i år.
Snittemperaturen var éin halv grad over den førre rekorden i 2020.
– Etter ein rekordvarm sommar ser vi no også målingar for september som har slått rekorden for årstida med ein ekstraordinær margin.
Det seier Samantha Burgess, visedirektør for EU-tenesta Copernicus Climate Change Service. Allereie no blir det spådd at 2023 kjem til å bli det varmaste året som er registrert.
Etter å ha vore ein av favorittane til å vinna i ei årrekkje, har endeleg Jon Fosse fått nobelprisen i litteratur.
Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm i Hardanger. Han er den første nynorskforfattaren og den fjerde nordmannen som får den gjeve litteraturprisen.
I løpet av sine 40 år som forfattar har han skrive over 70 verk. Internasjonalt er han mest anerkjend som dramatikar, men forfattarskapet inkluderer òg romanar, dikt, essay og barnebøker