– Skru av lyset for klimaet!
Det ser ut til å verte rekordstor oppslutning under årets Earth Hour, som vert arrangert i kveld 20.30 til 21.30 lokal tid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er WWF (World Wide Fund for Nature) som står bak Earth Hour-markeringa, som starta i Sydney i Australia i 2007. Den gongen deltok 2 millionar menneske. I 2012 var så mange som 1,8 milliardar menneske med.
Her i landet blei jordtimen arrangert for første gong i 2009. Rundt to millionar nordmenn skrudde av lyset både i 2009 og 2010 og straumforbruket den timen arrangementet gjekk føre seg, gjekk ned med 250 millionar watt.
LES OGSÅ: Earth Hour blir meir populært
Mørkt demonstrasjonstog
I år er Earth Hour integrert i WWF sin klima- og energikampanje «Det skjer!» for auka satsing på fornybar energi i kampen mot klimaendringene.
Ifølgje WWF har jordtimen blitt ei viktig kollektiv markering.
– Det er den største kollektive meiningsytringa i verda. Det er som eit demonstrasjonstog som går over heile verda, der ein ikkje går i tog, men skrur av lyset, forklarer pressekontakt i WWF i Norge, Heidi Bang, til NRK.
I Noreg vil markeringa gå av stabelen mellom 20.30 og 21.30 laurdag 29. mars.
– Det er same klokkeslett over heile verda, så det flyttar seg med klokka. Det startar på Samoa og vert avslutta på Cook Island i Stillehavet, seier Bang.
LES OGSÅ: Tomt for angrepiller etter Earth Hour
Frå nord til sør
Alle med tilgang til ein lysbrytar har sjansen til å bidra. Med andre ord eit arrangement for dei fleste.
– Det er det som er så fint, alle kan vere med. Det er kommunar, bedrifter, fylke, butikkar, skular, privatpersonar, ja alle kan vere med, seier Bang.
I Noreg har 201 kommunar meldt seg på i år. Det er 20 fleire enn rekorden på 181 frå 2011, melder Vikebladet.
I tillegg har 56 landemerke/ikonbygg, 289 bedrifter, 35 kyrkjer/trussamfunn, 75 skular og barnehagar og 104 organisasjonar meldt frå at dei vil vere med å skru av eller dempe lyset i sine bygningar.
Blant dei mest kjende bygga er Slottet, Stortinget, Operaen, Holmenkollen skibakke, Nidarosdomen, Fredriksten festning i Halden, Stavanger konserthus, Akvariet i Bergen og Svalbard globale frøkvelv.