SU-leiar reagerer på Unge Høgre-låt: – Kulturkrig
Leiar i Sosialistisk Ungdom Synnøve Kronen Snyen reagerer på at Unge Høgre omtalar seg som «anti-woke» og «anti-broke» i sin nye valkamplåt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge Høgre har brukt kulturstøtteordninga frå Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) på valkamplåten «Young Høyre 2023» av artistane Oral Bee og Mr. Pimp-Lotion.
Det var TV2.no som først omtala valkamplåten, som leiar i Sosialistisk Ungdom Synnøve Kronen Snyen reagerer på.
I TikTok-videoen har Unge Høgre fått med seg Høgre-leiar Erna Solberg i dansen.
@the_real_ernaPrøvde meg på en dans til Unge Høyres nye låt♬ Young Høyre 2023 – Oral Bee & Mr. Pimp-Lotion
«Anti-woke»
I låten kallar ungdomspartiet seg mellom anna «anti-woke», ei formulering Snyen er kritisk til.
– Det er det tilhengjarane til Donald Trump ropar om. Her importerer Unge Høgre ein håplaus kulturkrig frå USA, seier Snyen til TV2.no.
Ho reagerer òg på formuleringar som «anti-broke» og kritiserer Unge Høgre for å ikkje ha teke inn over seg fattigdomskrisa i Noreg.
Svenneby: Overdriving og parodiering
Unge Høgre-leiar Ola Svenneby kritiserer på side Snyen for å vera «humørlaus».
– Eg trur dei fleste med snev av velvilje skjønar at artistane brukar dei retoriske verkemidla overdriving, parodiering og gjentaking. Utan at songen er ei gjengjeving av verkelegheita, seier han til TV 2.