Fleirtal for å fjerne formuesskatten
Venstre lovar støtte til regjeringa om ho går inn for å fjerne skatt på formue. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å fjerne heile formuesskatten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleirtal for å fjerne formuesskatt
– Regjeringa kan rekne med full støtte frå Venstre til å redusere og på sikt fjerne formuesskatten, seier finanspolitisk talsmann i Venstre Terje Breivik til Aftenposten.
Finanspolitisk talsmann i Høgre Svein Flåtten trur likevel det vil ta meir enn fire år før regjeringa får fjerna denne skatten. Han viser til regjeringserklæringa, som slår fast at formuesskatten dei neste fire åra skal trappast ned ved at ein hevar botnfrådraget og senkar satsane.
– Doseringa av kutta vil ha samanheng med kva det er rom for i budsjetta, seier Flåtten.
Til saman får staten inn om lag 14 milliardar årleg frå formuesskatten.
657.000 personar betalte formuesskatt i Noreg i 2012. Det utgjer cirka 13 prosent av skattytarane.
Også parlamentariske leiar i Frp Harald Tom Nesvik bekreftar at kutt i formuesskatten står høgt på prioriteringslista.
– Frp ønskjer ei avvikling av formuesskatten, eller i alle fall ei sterk redusering i denne perioden, seier Nesvik. (©NPK)